Næringsutvikling

Aurland kommune har eit variert næringsliv. Aurland er frå naturen si side ein ressursrik kommune, der vasskraftproduksjonen saman med jordbruket har vore bærebjelkane for kommunen sitt næringsliv gjennom det siste hundreåret.

Jordbruket, med hovudvekt på geit og sau står framleis sterkt, og er av stor verknad for oppretthalding av busetnaden rundt om i bygdelaga.
Reiselivsnæringa er i sterk framvekst. Turisttrafikken gjev grunnlag for nye tilbod og næringsutvikling i området. Aurland kommune har elles eit variert næringsliv med ei rekke servicebedrifter innan bygg, anlegg, elektro, røyr, handel m.m.

Næringssjef i Aurland kommune er Inge Håvard Aarskog.

Næringssjefen er informasjons-, service- og kontaktperson for næringslivet i kommunen. Næringssjefen er eit koordineringspunkt og skal initiera, gjennomføre og følge opp utviklingsprosjekt fortrinnsvis i samhandling med økonomisk verdiskapande og berekraftige verksemder.

I tillegg vil næringssjefen samhandle om  kompetanse og næringsutvikling med fylkeskommune, næringssamanslutningar, næringshage og andre sentrale aktørar i utviklingsarbeidet i Aurland kommune.

Næringssjef Inge Håvard Aarskog
Næringssjef Inge Håvard Aarskog
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Næringssjef i Aurland kommune

Inge Håvard Aarskog

Mobil:
948 01 823
E-post:
iha@aurland.kommune.no

 

Besøksadresse:
2.etasje rådhuset,
Vangen 1

Postadresse:
Vangen 1
5745 Aurland