Ungdata: Ungdata er lokale undersøkingar der barn og unge svarer på spørsmål om korleis dei har det og kvad ei gjer på fritida. aurland kommune gjennomførte undersøkinga i 2021. ein kommunerapport er tilgjengeleg på ungdata. 

Folkehelseprofil 2021: folkehelseinstituttet publiserer kvart år folkehelseprofilar for kommunane. 

Kommunebarometeret Framtid 2020: Frå Kommunal Rapport, Korleis er usiktene dei neste fire åra?

Innbyggjarundersøking 2021 - rapport 

Innbyggjarundersøking 2021 - rapport frå tilleggsspørsmål om ny attraksjon og verdsarv 

Kommunebarometeret: Rapport frå Kommunal Rapport, ei årleg måling av 151 kommunar, på tvers av 12 ulike sektorar. 

Økonomi- og behovsanalyse Aurland kommune.pdf: Rapport frå Telemarksforsking som illustrerar korleis kommunen sin ressursbruk på ulike tenesteområde harmonerar med
kommunen sine økonomiske rammevilkår. 

Folkehelseoversikt: PDF document ODT document  Gir eit bilete av lokalsamfunnet og positive og negative verknader på folkehelsa. Statistikk om befolkning, oppvekst og levekår, fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø, skadar og ulykker, helserelatert åtferd og helsetilstand.

Utfordringsnotat: Grunnlag for arbeid med ny kommunal planstrategi for perioden 2020-2023. Planstrategien vert vedtatt innan eitt år etter at kommunestyret er konstituert og er retningsgivande for kommunen si planlegging. Notatet syner at dei største utfordringane til kommunen er: Arealknappheit – knytt til naturfare, dyrka mark, strandsone, infrastruktur; Naturfarar og beredskap – flaum, skred og ulykker; Næringsutvikling; Omstilling til grøn teknologi og klimatilpassing i offentleg og privat sektor; Besøksforvaltning - transport og parkering, fellesgode finansiering, slitasje på natur og kulturverdiar; Nok bustader tilgjengeleg i rett variasjon; Kommunale tenester –auke i tal eldre, integrering, barn og unge som dett utanfor samfunnet; Fysisk aktivitet og nærmiljø; Omdøme og frivilligheit; Halde fram som eigen kommune – samfunnsutvikling, interkommunalt samarbeid, eigarskapsstyring, effektiv tenesteproduksjon. 

Kunnskapsgrunnlag for kompetanse i arbeidslivet: Interaktivt kunnskapsgrunnlag om mellom anna status for arbeidsdmarknaden, utdanningsnivå og næringsrapportar. 

Folkehelsebarometer: Interaktivt kart om folkehelsestatistikk.

Fylkesatlas: Statistikk frå Vestland fylkeskommune om befolkningsutvikling- og samansetning, levekår og folkehelse, næringsliv og sysselseting, bustad og bustadforhold, miljø og klima, kultur og integrering. 

Regional analyse: Rapportar bestilt av Distriktssenteret og laga av Telemarksforsking. Omhandlar arbeidsplassutvikling, næringsattraktivitet, befolkningsutvikling, bustadattraktivitet, samla attraktivitet og mogleg utvikling for Aurland. 

Kartlegging og verdsetting av friluftsområde: Aurland kommune har kartlagt og verdsett friluftsområda i kommunen. Det ferdige resultatet er eit temakart som ligg på naturbase.no. For å sjå kartet zoom inn til Aurland kommune, skru på "kartlagsliste" oppe til venstre. Rull ned til kartlaget "Friluftsliv", hak av "Kartlagte friluftslivsområder, verdi" eller "Kartlagte friluftslivsområde, type". Høgreklikk på eit område og trykk "Finn data i kartet" for å få meir informasjon om området.