Både vaksinatører og innbyggjarar er nok no klar for å høyre om noko anna. Me hadde siste dag med massevaksinasjon ved AiS denne veka, og legg opp til vidare vaksinasjonstilbod ved helsestasjonen.

For å gi tilbod til dei som ikkje har fått tatt dose 3, eller er i startfase av vaksinering, vil me ha ope for drop-in vaksinering nokre dagar i februar også. Etter dette vil det kun bli planlagt vaksinering etter avtaler med vaksinatør eller helsesjukepleiar. Passar ikkje oppsette dagar, må de gjerne ta kontakt for å finna tidspunkt som passar. Ring eller send sms til helsesjukepleiar: 95984640, eller ring legekontoret: 57632999

Planlagte dagar med drop-in vaksinering (dose 1, 2 eller 3) for dei over 18 år føregår ved helsestasjonen (Fjordsenteret, 2. etasje):

Torsdag 10. febr kl 13.30 - 15

Torsdag 17. febr kl 13.30 - 15

Torsdag 24. febr kl 13.30 – 15

 

Barn mellom 5 og 12 år får tilbod om drop-in vaksinering ved helsestasjonen:

Torsdag 10.febr kl 11-13.30 og torsdag 17.febr kl 11-13.30

 

Håpar dei som ynskjer det, no nyttar tilbodet me har, evt tek kontakt for å finna passande tidspunkt for vaksine.