Me har teke initiativ til 3 kurs som skal arrangerast i mai. Det er Norsk Hjortesenter på Svanøy som vil helda kursa. Påmelding til kursa skjer på e-post til knut.fredrik.oei@laerdal.kommune.no med frist 5. mai. Det er avgrensa plass på desse kursa, og me veit av erfaring at det er rift om å koma med. Så ikkje nøl, men hiv dykk med og bli enda klokare!


Feltkontrollørkurs 19. mai klokka 0900-1600 på Villakssenteret i Lærdal
Her er det plass til 20 deltakarar. Info om kurset finn du her: http://www.hjortesenteret.no/feltkontrollor/
Kurset er i utgangspunktet forbeholdt jegerar frå Årdal, Lærdal og Aurland. Pris ca 1500 kr, avhengig av tal deltakarar.


Slaktekurs 20. mai klokka 1000-1600 på Lund Hjort i Lærdal
Her er det plass til 10 deltakarar. Prisen er 2500 kr. Info om kurset finn du her:
http://www.hjortesenteret.no/kurs-i-slakting/


Kurs i å laga spekepølse 21. mai klokka 1000-1600 på Lund Hjort i Lærdal
Her er det plass til 10 deltakarar. Prisen er 2500 kr. Info om kurset finn du her:
http://www.hjortesenteret.no/spekepolse/
Der er Johan Trygve Solheim som vil helda kurset, ikkje Magnhild Dyrdal.


Me håpar de finn noko av interesse!