Målet med planen er å skapa ein heilskapleg visjon og arbeidsplan for arbeidet med ferdselsårane og turrutene i kommunen. Me ynskjer å inkludere innbyggjarar, organisasjonar, næringsaktørar og elles andre interesserte inn i arbeidet og til å kome med innspel på kva som er bra og kvar ein har forbetringspotensiale.
Det vil derfor bli arrangert grendemøter rundt om i kommunen der me ynskjer å samla inn konkrete innspel på:
• Kva stiar og løyper me skal ivareta og prioritera tilrettelegging og vedlikehald av
• Kven stiane skal vere for: gjester, innbyggjarar og/eller folk med spesiell behov
• Kva tilrettelegging stiane treng
• Kva ressursar og attraksjonar som er knytt til stiane våre
• Kva må me ta omsyn til
• Kva slags formidlingsverktøy som kan nyttast (tavler, skilt, sosiale medier osv)
Grend Dato Tid Stad
Aurland 28.jan Kl.19.30-21.00 Aurland Rådhus
Undredal 29.jan Kl.18.30-20.00 Undredal skulehus
Gudvangen 4.feb Kl.18.30-20.00 Gamle Gudvangen Hotell
Flåm 5.feb Kl.19.30-21.00 Flåm Samfunnshus
Vassbygdi 11.feb Kl.19.30-21.00 E-CO
Møta er opne for alle og me håper de blir med på dei møta som er mest aktuelle for dykk.
Spørsmål: Anja Marken Arealplanleggjar | t: +47 959 84 628 | e: anja.marken@aurland.kommune.no
Velkomen til arbeidsøkt for sti- og løypeplan!
Aurland kommune arbeidar for tida med ein sti- og løypeplan for sti og ferdselsrutene i kommunen.