Me hadde i våres ei synfaring i lag med Vegvesen, Mattilsyn og Politi for å vurdera kven som har ansvar for kva knytt til rundballeplassering. I det store og dei heile har landbruket gjort ein kjempegod jobb med å sikra rundballane mot å verta etne på av hjort. Bra jobba!

No som slåtten nærmar seg, er det viktig at de har ein god plan om kor rundballane skal plasserast og korleis dei skal skjermast mot hjorten. Ei ny forskrift knytt til skrantesjuke vil mest sannsynleg pålegga landbruket å skjerma hausta for mot ville hjortedyr, av omsyn til mogleg smittespredning. I tillegg er det trafikale problemstillingar knytt til at hjorten kryssar vegane for å koma til det kvite, runde matfatet (også omtala som vinterbeitet). Store stablar med rundballar nært til vegbana gir dårlig sikt, er tunge å krasja med og utgjer såleis eit trafikkproblem.

Me vil, ilag med Mattilsynet, Vegvesenet og Politiet halde eit auge med plassering og skjerming av rundballane i tida som kommer. For å sleppa bryet med å måtta flytte ballane, lag ein god plan på kor ballane skal leggjast no før slåtten!

Me minner også om at viltfondet kan dekkja inntil 20 % av kostnadane ved inngjerding. Lærdal Grønt har inne mobile byggegjerder som er effektive kring rundballane.

Lukke til med det gode og viktige arbeidet de gjer med å produsera mat til folket!