Tiltakshavar har bedt om samordna handsaming av reguleringsendring og rammesøknad jf. pbl § 12-15, og det er difor også sendt ut nabovarsel om rammesøknad for nybygg og ombygging på Aurland Helsetun. 

Etter vedtak i plan- og eigedomsutvalet, og før utlegging til offentleg ettersyn, vart det gjort eit administrativt vedtak i plansaka, der planframlegget vart oppdatert med føresegn som regulerer avstand til nabogrense og maksimal byggegrense.

Føremålet med planendringa er å auke utnyttingsgrad for felt O2, og legge til rette for vidareutvikling av dagens helsetilbod ved Aurland Helsetun. Planlagde tiltak omfattar sanering av eldre bygningsmasse, ombygging av delar av eksisterande bygg, samt etablering av nybygg.

Reguleringsendringa inneber endringar i føresegn, men ikkje i kart. Dei planlagde tiltaka er i samsvar med formål i gjeldande eldre plan, der området er satt av til offentleg bebyggelse. Konsekvensane av endringane kjem fram av planomtala.

Planframlegg og saksutgreiing er tilgjengeleg her på heimesida, og i resepsjonen i rådhuset.

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 24.06.2021-21.08.2021.

Merknader og innspel til planframlegget kan sendast til post@aurland.kommune.no eller til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland, innan 21. august 2021.


Saksframlegg med vedtak

Administrativt vedtak om oppdatert føresegn 

Planframlegg

Planomtale med risiko- og sårbarheitsanalyse

Gjeldande eldre reguleringsplankart (vidareførast)

Gjeldande eldre føresegner med forslag om endring