Rundballane skal ikkje plasserast ved eller langs veg. Dette har Statens vegvesen reglar for, og dei kan i verste fall pålegge flytting av feil plasserte rundballar.
Rundballane må skjermast for hjort. I samband med bekjemping og eventuell smittespreiing av skrantesjuka, er det forbod mot fôring av hjortedyr. Viltfondet kan dekkja inn til 20% av kostandane med inngjerding av rundballar. Lærdal Grønt har mobile byggegjerder som er effektive til å sikre rundballane for hjorten.

Lukka til med den gode jobben med produksjon av mat. Om det er spørsmål eller innspel til temaet, ta kontakt med oss på landbrukskontoret.