Utfyllande retningsliner for bruk av snøscooter og helikopter i Lærdal kommune i høve Nasjonal forskrift for bruk av motorkøyrety i utmark og på islagte vassdrag §§ 3,5 og 6, og Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10.juni 1977 nr 82 §5 er vedteke i kommunestyre 10.12.2009.

 

Formålet med Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10.juni 1977 nr 82, er å regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremma trivsel, jmf lova sin § 1. Etter lova sin § 3 er motorferdsel forbode, om ikkje anna er bestemt av lova eller vedtak med heimel i lova. Kommunestyre kan gje utfyllande retningsliner for motorferdsel i eigen kommune.

Heimel for å fastsetje retningsliner for bruk av motorkøyretøy på vinterføre i utmark, er gjeve i Forskrift for bruk av motorkøyrety i utmark og på islagte vassdrag §§ 3,2.ledd og 7. Heimel for å fastsetja retningsliner for landing med helikopter og sjøfly i utmark etter søknad, er gjeve i Lov om motorferdsel i utmark § 5. Bruk av motorkøyretøy på bar mark utanfor veg (t.d. ATV), er regulert av forskrifta § 2.

 

Lokal retningsliner for motorferdsel i utmark  - Lærdal kommune