I tillegg til byggesak har eining desse ansvarsområda: Nærinsutvikling, planlegging, eigarskapssaker, kraftrelaterte saker og vassforvaltning.

På grunn høg byggeaktivitet i kommunen, og etterslep på byggesak treng vi no å auke kapasiteten vår på byggesakshandsaming. Vi jobbar for å for å nå målet om å vere forut.

Arbeidsoppgåver
- Byggesakshandsaming
- Råd og rettleiing
- Ulovlegheitsoppfølging / tilsyn
- Eventuelt matrikkelføring
- Eventuelt anna sakshandsaming eller andre utviklingsoppgåver for kommunen

Personlege eigenskapar
Me ønskjer oss ein medarbeidar med kompetanse og interesse innan offentleg forvaltning og samfunnsutvikling. Evne til å arbeide sjølvstendig og evne til å samarbeid er viktig. Vedkommande må ha positiv veremåte, vere løysingsorientert og kunne forholda seg til tidsfristar.

Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning eller relevant erfaring
- God kjennskap til - og gjerne erfaring med offentleg sakshandsaming. Plan og bygningslova og forvaltingslova er særleg relevante.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale
- Fleksibel arbeidstid
- Offentleg tenestepensjonsordning
- Naudsynt opplæring

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Krav til språkkunnskapar
Den som vert tilsett må beherske norsk munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftmål.

Søknadsfrist 21.05.2020