Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Neste søknadsfrist for konsesjonsavgiftsfondet er 1.oktober

Neste søknadsfrist for søknad om tilskot frå konsesjonsavgiftsfondet (næringsfondet) er 1. oktober 2021. Hansdaming av søknader følgjer vedtekne reglar for fondet [les her]. Midlane skal primært nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder. Samla ramme til fordeling i denne søknadsrunden er inntil kr 650.000. Minner elles om søknadsfrist for kommunal kompensasjonsordning (Korona-midlar) som er 20.august 2021.

Kommunevåpen Aurland kommune

Bedriftsrådgjeving

Frå 10.03.21 samarbeider Aurland kommune med Sognefjorden Næringshage AS om rådgjeving til næringsliv i Aurland.

Sognefjorden Næringshage

Felles informasjonskanal for næringslivet i Aurland kommune

Sognefjord Næringshage, INKON og Aurland kommune vil nytte ein felles kanal for informsajon retta mot næringslivet i Aurland. Formålet er å kunne samle aktuell informasjon på ein stad slik at det vert enklare å få oversikt.

INKON

Ekstra løyving til kommunale næringsfond 2020

Vestland fylkeskommune fekk tildelt 75,3 mill. kr. frå Kommunal- og moderningseringsdepartementet, som skal fordelast på kommunane som eit tiltak mot koronakrisa. Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon gjorde i møte 16.07.20 vedtak om å løyve midlar til kommunale næringsfond. Du kan lese meir fordelinga mellom kommunane i Vestland fylkeskommune her.

Kommunevåpen Aurland kommune