Hjort i skogen Foto: Golf
Hjort i skogen Foto: Golf

– Styret i Lærdal bestandsplanområdet har sett eit ambisiøst mål om 700 skotne hjort i Lærdal under jakta. Grunnane til dette er fleire; påtrykk frå myndigheitene om å redusera stamma grunna utbrotet av skrantesjuke på villrein i Nordfjella, at Lærdal ligg i landstoppen når det gjeld viltpåkøyrsler, og at det har vore store skadar på hagar og innmark på vinteren og våren i Lærdal, seier viltforvaltar Knut Fredrik Øi. Den eksistrerende bestandsplanen for hjort i Lærdal har lagt opp til ein høgare felling dei siste åra enn det som har vorte felt. Målet for 2017 er i så måte også eit forsøk på å ta igjen etterslepet i planen.

Styret har innhenta tal frå settogskutt.no på innregistrert felling per 20. November. Totalt var det snakk om 413 innrapportert felte hjortar, kring 55 prosent vaksne individ og 45 prosent ungdyr og kalv. Kjønnsfordelinga var tilnærma 50/50.

– Tydelegvis er jegerar og grunneigarar svært flinke til å registrera på Sett og skutt. Det er veldig bra! Me reknar med at nokre felte dyr ikkje er registrerte, så det reelle fellingstalet kan nok liggja noko høgare, kanskje kring 450. Jegerane har sendt inn og fått testa 310 hjort for CWD, alle har vore negative. Det syner ei veldig god oppslutning kring prøvetakingsregimet!

– Mange moglegheiter med bestandsplanområde og viltbehandlingsanlegg

I alle høve har årets hjortejaktseseong alt overgått fjorårets når det kjem til felling. Medan det i 2016 vart felt 398 hjortar i Lærdal – og det var ny rekord då – er det alt 20. november innrapportert 15 fleire.

– Med god jakt siste månaden kan ein koma ganske nær målet på 700 felte hjort. Og det er ønskjeleg, av nemnde årsaker. Me oppmodar grunneigarane om å nytta seg av moglegheita til gi vekk eller selja og kjøpa løyver mellom vald som er med i bestandsplanområdet, men også internt i valda. Det er svært mykje hjort i nokre vald, og desse er gjerne tomme for løyver. I andre vald er det motsett – masse løyver att, men lite hjort. Då er det altså fritt fram å inngå avtalar om utveksling av løyver, seier Øi.

For, medan nokre kan selja løyver, kan dei som vil selja slakta sine til selskapet som har starta opp som eit samarbeid mellom fleire aktørar i mat- og landbruksbransjen.

– Det er berre å henga opp slakt i kjøleconteineren, fylla ut eit enkelt skjema og gi beskjed til ein av kontaktpersonane om slaktet eller slakta, seier Øi.

Vurderte å søkja om utvida jakt

Styret i Lærdal bestandsplanområde vurderte tysdag om ein skulle gå til det drastiske skrittet å søkja om utvida jakt, ut februar – for å nå målet. Førebels blir ikkje det aktuelt, seier Øi.

– Ettersom det har vore såpass god felling ser ein at ein i alle fall kan koma ganske nær målet med ein god jakt siste månaden. Difor ønskjer ikkje styret å søkja om utvida jakt i denne omgang. Skulle det bli dårleg felling siste månaden av jakta held styret likevel ei viss opning for å søkja om utviding på tampen, men utgangspunktet no er at jakta blir avlutta 23. desember, avsluttar Øi.