Det ligg føre utkast til ny Forskrift om minsteareal for hjort, elg og rådyr i Lærdal kommune.

Årsmøtet i Lærdal bestandsplanområde for hjort har fremma forslag om å endra minstearealet for hjort i Lærdal kommune. Årsmøtet representerer om lag 80 % av teljande areal for hjort i kommunen. Forslaget går ut på at det skal vera eit felles minsteareal i heile kommunen og at det vert fastsett til 500 daa.

Begrepet «minsteareal» har jmf. Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 2, to rettsverknader:
1) Storleiken på det teljende arealet som normalt skal liggja til grunn for kvart fellingsløyve som jaktrettshavarane har krav på.
2) Areal-storleiken på det minste samanhengjande området som offentleg mynde kan godkjenna som eit vald.

Den faktiske forvaltninga av hjort i Lærdal baserer seg på ein fleirårig bestandsplan. Dette er ein plan som grunneigarsida lagar og som skal godkjennast av kommunen før den vert gjeldande. I slike planar har ein høve til å avvika frå det forskriftsfesta minstearealet med inntil 50 % (jfm. Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 7), og det kan gjerast lokale tilpasningar. Det vil seia at viss det forskriftsfesta minstearealet vert endra til 500 daa, vil det aktuelle intervallet for løyvetildeling vera eit løyve pr. 250-750 daa.

Me ber med dette om innspel på vedlagt forslag til ny Forskrift om minsteareal for hjort, elg og rådyr i Lærdal.

Høyringsfristen er fram til 10.02.2018.
 

Merknad kan sendast til:
Lærdal kommune
Boks 83
6886 LÆRDAL

Gjeldande forskrift om minsteareal 7.4.2011

Forslag til ny forskrift om minsteareal for hjort i Lærdal