Dei første kjøparane av tomt i Ty var Øystein Horvei og Siri Veum.  Frå kommunen stilte både avtroppande ordførar Trygve Skjerdal og nyvald ordførar Kjell Bøe Bjørgum opp. 

Til utlysinga kom det inn tre søknadar på bustadtomter, samt ein søknad på felt c som skal byggjast ut av eit utbyggingsselskap, som no er tildelt.  Signering av desse vil skje fortløpande i tida framover. 

Vi ønskjer dei nye tomtekjøparane lukke til med sine byggjeprosjekt!

Les meir om prosjektet her: Ty bustadfelt - Aurland kommune