I planen er det vedteke som hovudmål at: Kulturarven i Aurland kommune skal vere ein viktig ressurs i lokalsamfunnet.

Det er eit nasjonalt mål at kommunane skal ha kunnskap om og oversikt over verneverdige kulturminne. Mål, strategiar og tiltak i kommunedelplan for kulturarv skal følgje opp dei nasjonaleforventingane til kommunen. Kommunedelplanen er retningsgivande for kommunen sitt arbeid med kulturarv og kulturminne.

Utarbeiding av føreliggande planutkast er i medhald av planprogrammet. Alt arbeid i administrasjonen som er utført i perioden etter godkjend planprogram, ligg til grunn for føreliggande utkast til plan. Her kan mellom anna nemnast ulike medverknadsprosessar, og planutkast som vart lagt på høyring i 2019. I denne høyringsrunden kom det inn ein del innspel, dei er og tekne med i vidare arbeid.

Det er ikkje utarbeida tiltaksplan i dette dokumentet. Det er eit arbeid som vert samkøyrt med økonomiplanprosessen. Det er viktig at tiltaksplanen vert så realistisk som mogleg, der det vert sett av ressursar til å utfør delmåla i planen. Utarbeiding av tiltaksplan vert starta opp hausten/vinteren 2023/2024.

Høyringsutkast til kommunedelplan for kulturarv ligg tilgjengeleg på kommunetorget i rådhuset og på heimesida www.aurland.kommune.no under «planar», «planar under arbeid» og «plan for kulturarv».

Ved spørsmål ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Gøran Johansen på e-post til goran.johansen@aurland.kommune.no, eller på telefon 413 24 293.

Frist for uttale er 05.01.24. Fråsegner skal sendast post@aurland.kommune.no, eller Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.