Når kan du klage på parkeringsgebyret?

Du kan klage dersom du meiner det er brot på parkeringsforskrifta. I forskrifta står det blandt anna

  • Du skal få ein rimeleg frist til å betala parkeringsavgiften. Dersom ein kunde har fått ein ileggelse, gjeld forvaltningslova.
  • Du skal med normal merksemd kunna forstå kva reglar som gjeld for parkering ut frå skilting og oppmerking. 
  • Parkeringsvirksomheten skal freista å varsla deg før dei tauar bort bilen, slik at du blir gitt ein sjanse til å flytta han. 
  • Parkeringsvirksomheten har ikkje høve til å halda igjen bilen inntil ileggelsen er betalt. Det er derimot unntak dersom uoppgjorte kontrollsanksjonar er på til saman over kr 6000. 
  • Gebyret / sanksjonen kan fråfalla dersom det er særlege grunnar til at avgift ikkje er betalt, til dømes at førar har fått eit akutt anfall.  

Du kan lesa heile parkeringsforskrifta på lovdata.no

Du kan også finne meir informasjon på parkeringsklagenemnda.

Når nyttar det ikkje å klage på parkeringsgebyr eller parkeringsbot?

Nokre saker er det ikkje nyttig å klage på parkeringsgebyret eller parkeringsbota, eksempel 

  • Skrive feil i EasyPark 
  • Betalt etter bota har komt 
  • Vente med å betale for parkeringa
  • Fekk ikkje betalt med kort eller EasyPark 

Sjå meir informasjon på parkeringsklagenemnda.

Korleis går eg fram for å klage?

  1. Klag til parkeringsselskapet 
    Viss du er usamd i eit parkeringsgebyr eller ein parkeringsbot du har fått, må du sende ei skriftleg klage innan tre veker frå datoen du fekk bota.
    Send din skrifteleg klage til aurlandparkering@aurland.kommune.no

  1. Klag til Parkeringsklagenemnda 
    Viss klaga ikkje har ført fram, kan du ta klaga vidare til Parkeringsklagenemnda

For parkeringsbøter frå offentlege parkeringsselskap må du hugse å betale innan fristen (sjølv om du sender inn klage). Gebyret aukar med 50 % dersom du ikkje overheld betalingsfristen. Dette gjeld derimot ikkje for kontrollsanksjon. Der er betalingsfristen tre veker etter datoen for ev. avslag på klaga.