Bakgrunn
Kommunestyret gjorde i møte 25.04.2019, sak 028/19, vedtak om innføring av parkeringsgebyr i Aurland kommune.  Vedtaket vart gjort med grunnlag i prosjektmandat basert på rapport frå sakskomité for trafikk- og parkeringsløysingar i Aurland kommune.

På oppdrag frå kommunestyret er det utarbeidd prosjektrapport for parkeringsstrategi og organisasjonsform. Strategien legg opp til ei stegvis utbygging når det gjeld tilrettelegging av areal og innføring av parkeringsgebyr.  Denne vart vedteken av kommunestyret 17.09.2020 i sak 066/20.

Administrasjonen fremja 9.12.21 saksframlegg om innføring og oppstart av parkeringsordninga, inkludert framlegg til avgifts satsar, og det er denne som no vert lagt ut på høyring.

Høyringa gjeld:
1) Satsar for gebyr og årskort som synt i vedlagt tabell. Satsane vert regulert årleg gjennom gebyrregulativet. Normal prisstigning vert samsvarande med konsumprisindeksen.

2) Det vert innført parkeringsavgift på følgande tidspunkt:
- Sentrum- og randsone: Heile året, måndag til fredag 8-17, laurdag 8-15, sundag gratis.
- Utfartsparkering: Heile døgnet, heile året.

Saksopplysningar
Inndeling av parkeringsområda er eit av dei viktigaste verkemidla for å få brukarane til å nytte parkeringsplassane i samsvar med strategien. I tillegg gjer det oppfølging og vidareutvikling av parkeringsordninga enklare og meir oversiktleg for kommunen.

Det er fornuftig å dele inn i tre sonekategoriar:

  • Sentrumssoner
  • Randsoner
  • Utfartssoner

I sentrumssonene skal det leggast til rette for parkering i kortare periodar, høgare omskifting på parkeringsplassane og det skal vere dyrare å parkere over lengre tid. Normalen skal være betaling per time, nokre plassar kan ein og ha dagsbillett og nokre plassar kan ha parkering med maksimaltid. Kva for parkeringsplassar som skal ha dei ulike reguleringane vil vere gjenstand for vurdering og endring over tid.

I randsonene skal det være tilstrekkeleg med parkeringsplassar og det er her dei som skal parkere i fleire timar skal parkere. Det skal vere mogleg med times-, dags- og vekesparkering, og det skal være rimelegare å parkere over lengre tid her enn i sentrumssonene. På sikt er det ønskeleg å få alle parkerande til å nytte denne parkeringssonen.

Utfartssonene er kopla fri frå dei andre sonene. I utgangspunktet kan dei regulerast med ulike vilkår, men for å få ei heilskapleg, føreseieleg og forståeleg parkeringsregulering er det fornuftig at utfartsparkeringane får like vilkår. Her vil det vere dags- og vekesparkering. Prisane blir høgare enn for randsonene, både grunna høgare kostnad til drift samt mindre kapasitet enn for dei andre parkeringsplassane.

Kostnadene for bruk av parkeringsplassar er, saman med utforming av parkeringssonene, det viktigaste grepet for å få parkeringsordninga til å fungere etter intensjonane. Mange parkerande er prissensitive, og då vil satsane vere avgjerande for korleis parkeringsmønsteret vert. Prisane i 2022 tek utgangspunkt i satsane for nærliggande kommunar, med mest vekt på prisane i Sogndal. Det vert lagt fram framlegg om følgjande tidsperiodar for betaling:

Sentrum- og randsone: måndag til fredag 8-17, laurdag 8-15, sundag gratis.

Utfartsparkering: Heile døgnet, heile året.

I sentrumsområde er det normalt at det er same tidsperiode for betaling måndag til fredag, eigen tidsperiode laurdag og ikkje betaling sundag. Ved spesielle behov, til dømes kring kino, legevakt og andre som har avvikande opningstider, kan det vere spesielle tidsperiodar for betaling.

Det vert lagt opp til at dei som parkerer må betala frå start parkering. Dette gjeld alle parkeringssonene. Det vert opp til at dei som parkerer kan kjøpe årskort.  Pris for årskort er foreslått å vere 3000 kr uavhengig av parkeringssone. Til samanlikning kostar det dyraste årskort i Sogndal 9831, Voss 12000 kr.

Overordna mål for Aurland kommune sin parkeringsstrategi
Prosjektet har som mål å sikre ein organisering tilpassa parkering som strategisk og styringsmessig verktøy for å ivareta ein framtidsretta og heilskapleg parkeringspolitikk.

   Aurland kommune ønsker å:
- Redusere parkeringsbehovet
- Redusere personbilbaserte arbeidsreiser i Aurland kommune

Mål for sentrumsområda:
Parkeringsløysingane skal gjere det effektivt, enkelt og attraktivt for dei som kjem med bil til sentruma/tettstadane å sette frå seg bilen nærast mogleg overordna vegnett, for so å bli fotgjengarar i dei sentrale delane av sentrumsområda eller grendene. Det må leggjast til rette for gode løysingar for innbyggjarane som stimulera til å gå eller sykle.

Strategi/tiltak:
- Sentralisere parkeringsarealet til eitt enkelt området som vert lagt til rette for korttidsparkering.
- Areal utanfor sentrum, 5 – 15 min gangavstand frå sentrum, skal leggjast til rette for langtidsparkering.
- Nye bustad- og næringsareal i sentrumsområda skal utformast med parkering på eiga tomt.
- Leggja til rette for oversiktelege og effektive parkeringsplassar for dei som kjem med bil til tettstadane(grendene) og sentruma.
- Nye parkeringsløysingar må plasserast slik at dei byggjer opp om god tilgjengelegheit til dei ulike sentrumsfunksjonane.
- Det skal prioriterast trygge tilhøve og effektiv ferdsle for mjuke trafikantar, sykkelparkering, handikapparkering og varelevering. Det kan vurderast vrimlefelt i dei sentruma der forholda ligg til rette for dette.

 

Kva går inntektene til?
Inntekter frå parkeringsordninga skal gå til trafikk-, miljø- og sentrumstiltak i sentruma og grendene. Inntektene vil gå til etablering av nye parkeringsareal og trafikktryggleikstiltak.

 

Igangsetting:
Lista under syner tentativ tidsplan for igangsetting av parkeringsordning for dei ulike områda. Denne vil verte forskyvd tilsvarande behandlingstid for denne høyringa og endeleg vedtak om oppstart.

  • Vassbygdi Mai 2022
  • Undredal Mai 2022
  • Flåm Mai 2022
  • Gudvangen Mai 2022
  • Aurland sentrum Mai 2023

Link til saksdokument
Taktisk og operativt dokument
Skiltplanar
Aurland Kommune sin Parkeringstrategi
Rapport Trafikk og parkeringsløysingar
Sentralt styringsdokument Aurland Trafikk og parkering
Framlegg gebyrsatsar

Gjennomføring av høyring
Merknadar til planen kan sendast til post@aurland.kommune.no via brev til Aurland Kommune, Vangen 1, 5745 Aurland innan 01.03.2021.

Mediekontakt og eventuelle andre spørsmål :
Ordførar Trygve Skjerdal Tlf 95 98 46 38,
Epost: trygve.b.skjerdal@aurland.kommune.no

Det vil verte lagt opp til opne kontordagar på følgande datoar: 14 januar, 21 januar, 28 januar, i tidsperioden kl 10:00-14:00.  Her kan innbyggjarar og næringsliv kome på rådhuset for diskutere parkeringsordninga med ordførar Trygve Skjerdal, leiar for prosjektgruppe for Aurland trafikk og parkering, Leif Jarle Bergheim og  Ingeniør ved  teknisk eining, Henning Elgåen. Dersom ein ynskjer å avtale tidspunkt kan ein gjere dette ved ta kontakt med ordførar.

Sjå elles lenkjer til tidlegare nyhende:
Aurland trafikk og parkering - vidare arbeid - Aurland kommune

Aurland trafikk og parkering - status og vidare framdrift - Aurland kommune