Det er løyvd kr 2.959.200 til årleg drift, og kr 1.508.428 til investeringar. Dette utgjer ei samla løyving med kr 4.467.628 til landbruket i verdsarvområde i Nærøyfjorden. Liste over tildelte midlar finn du her.

Tilskotsordninga er forvalta i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, og Tiltaksplan Vestnorsk Fjordlandskap – kulturlandskapet.

Tilskotsordniga som er etablert for å styrka landbruket i Vestnorsk Fjordlandskap er svært viktig for å ha eit aktivt landbruk her. Det er svært positivt at nasjonale myndigheiter prioriterer midlar til landbruket i verdsarvområde. Likevel ser me at det er behov for auka ramme for å støtte planlagde investeringar i tillegg til å støtte årleg drift. 

Bøndene i Nærøyfjordområde legg ned ein god og viktig innsats for å ta vare på landbruket i verdsarvområde, for produksjon av mat og til glede for tilreisande og fastbuande.

 All honnør til dei!