Prosjektet omfattar vedlikehald og bygging av nytt VA anlegg mellom Rådhuset og Trudvang. Leidningsnettet vert også tilrettelagd for seinare kopling av nye VA mot Hopen. Prosjektet erstattar den gamle trykkøkningstasjonen ved Fjordsenteret som forsynte Åtnes bustadfelt. 

Arbeidet vert i all hovudsak ferdig no før sommarferien.

Eit sentralt «knutepunkt» blei avdekka under plen framfor rådhuset under arbeidet, der det meste av kablar og trekkerøyr som finst på Aurlandsvangen ser ut til å møtast.

Knutepunkt.jpg

Prosjektet har gjennomført rydding/sanering av eldre kabling og leidningar. "Knutepunktet" har fått eigen kum under bakken, slik at dei som kjem etter oss får det litt enklare neste gong det skal gravast.

Jordalen Entreprenør AS.jpg

Entreprenør har Ikkje skada/gravd av ein einaste kabel av vital betyding, sjølv om fiber til ABU bokstavleg talt heng i ein i tynn fibertråd av eldre dato. Prosjektet har hatt god samhandling med eigarane av diverse kablar som t.d Hafslund Eco, Telenor og Årdalsnett. 

Kommunen har og fått etablert « ein motorveg» til IKT, som sikrer ny og stabil fiber tilgang mellom rådhuset og ABU. Etter kvart kjem det no nye benkar på plass.

DJI_20230613132636_0003_V.jpg

Ansvarleg prosjekterande i prosjektet er Aquapartner AS. Utførande entreprenør er Jordalen Entreprenør AS. Prosjektleiar i kommunen er senioringeniør Steve Elgåen. Fagressurs på VA på teknisk eining, har vore sentral i arbeidet.