Kommunekomiteen ved Kjell Bøe Bjørgum, Monica Finden og David Underdal har starta arbeidet sitt. Dei hadde møte 20. september.

Kommunekomiteen oppmodar deg om å bli bøsseberar. Tilbakemeldingar frå nettopp bøsseberarane har vore at folk sit og ventar på dei. Dei gode hjelparane i TV-aksjonen startar den viktige turen søndag 22. oktober kl 16.00. Sogn Sparebank, avdeling Aurland har takka ja til å halde open bank for bøsseberarane i år òg. Du kan melde deg som bøsseberar hit:

  • Aurland kommune 576 32 900 eller mobil 959 84 649
  • postmottak@aurland.kommune.no
  • Du kan òg komme inn på rådhuset og melde deg som bøsseberar