Kommunen har mottatt 17 innspel om nye prosjekt som innbyggjarar og næringsliv ønskjer skal innarbeidast i den nye arealdelen. Desse prosjekta handlar blant anna om tilleggsnæring på garden, bygging av utleigehytter eller leilegheiter, ny småbåthamn, gondol og hotellutviding. Kommunestyret vedtok at 15 av desse innspela skal konsekvensutgreiast. Det betyr at det skal gjerast ei særskilt skildring og vurdering av prosjekta sine verknadar for miljø og samfunn. Prosjekta skal mellom anna vurderast opp mot naturverdiar, jordvern, kulturminne, landskap og estetikk, naturfare og friluftsliv. Dei innspela som går klar i konsekvensutgreiinga blir lagt inn i planforslaget som skal ut på høyring. 

Her er lista over prosjekta som kommunestyret vedtok å konsekvensutgreie:

- Innspel frå Kjersti-Elise Haugen Løyte, gbnr 36/21 – fortetting
- Innspel frå Johnny Kapaung og Arne Hagenson, gbnr 60/10 – nærings- og bustadutvikling
- Innspel frå Jon Skjerdal, gbnr 1/2 – kai og ladestasjon
- Innspel frå Leif Turlid, gbnr 11/1 – tilleggsnæring på Turli gard
- Innspel frå Frøydis Bjelde, gbnr 18/2 – tilleggsnæring
- Innspel frå Geir Ove Kvam, gbnr 5/12 – tilleggsnæring
- Innspel frå Kjell Olav Widme, gbnr 38/12 – utleigehytter i Flatadalen eller langs Ryavegen
- Innspel frå Odd Lothe Ohnstad – utviding av reguleringsplan for Haugen
- Innspel frå Sjur Gjerløw – småbåthamn
- Innspel frå Sjur Gjerløw – utleigehytter
- Innspel frå Sjur Gjerløw – naustområde
- Innspel frå Inga Marie Hauglum, gbnr 33/3 – frådeling til uendra bruk
- Innspel frå Norway’s Best – Varden, utviding av Fretheim hotell
- Innspel frå Siver Wangen – utbygging på Brekke gard i eit mindre omfang
- Innspel frå Flåm Skylift AS – gondol

Du kan lese saksutgreiinga her.

Nye utbyggingsområde

Kommunestyret vedtok også kva framtidige utbyggingsområde kommunen skal gå vidare med. I den gjeldande arealdelen som blei vedtatt i 2009, ligg det inne mange bustad- og næringsområde som ikkje har blitt realisert. Desse må også konsekvensutgreiast. Kommunestyret vedtok å vidareføre desse framtidige utbyggingsområda:

Område for Bustad som skal konsekvensutgreiast:
 

Eit av bustadområda kommunen skal konsekvensutgreie
Eit av bustadområda kommunen skal konsekvensutgreie

-B01 – Vassbygdi
-B02 – Voni
-B03 – Steingjerde
-B04 – Vollsgjerda
-B05 – Lunden
-B06 – Lundaåkeren
-B07 – Skjerpi
-B08 – Rygg
-B28 – Flåmsdalsvegen
-B27 – Vinjaåsen/Øvre Rygg

Her finn du kart og skildring av bustadområda. 

Område for Bustad/Næring som skal konsekvensutgreiast:
 

Eit av bustad/næringsområda kommunen skal konsekvensutgreie
Eit av bustad/næringsområda kommunen skal konsekvensutgreie


 -B/N 01 - Øvre Vinjaåsen
-B/N 02 – Onstadøyri
-B/N 03 – Skjerping skule

Her finn du kart og skildring av bustad/næringsområda.

Område for Næring som skal konsekvensutgreiast:
 

Eit av næringsområda kommunen skal konsekvensutgreie
Eit av næringsområda kommunen skal konsekvensutgreie

-N02 – Vassbygdi (16/1)
-N04 – Holehagen/Holeteigen
-N05 - Terahagen (14/2)
-N06 – Nærøydalen (E8)
-N07 – Nærøydalen (E9)
-N08 – Nærøydalen (E10)
-N09 – Nærøydalen (60/1)
-N14 – SIMAS (16/12 m.f.)
-N18 – Dalen/Fossheim
-N19 – Vinjane (8/162 m.f.)
-N25 – Avkøyring Undredal
-N26 – Terahagen
- Areal på Høgeløden (gamalt sandtak mellom Forberg og Teravegen)

Her finn du kart og skildring av næringsområda.

Kommunestyret vedtok å ta ut områda under. Desse områda blir tatt ut fordi dei enten har stor rasfare, viktige naturverdiar, er viktige landbruksområde, har ustabile grunnforhold og/eller farleg avkøyrsle. 

Område for Bustad som skal takast ut:

-B24 – Strandavegen
-B25 – Vetleli
-B26 – Høydalen

Du finn kart og skildring av områda i linken over til bustadområda. 

Område for Bustad/Næring som skal takast ut:

-B/N04 - Vollsgjerda (stor del)
-B/N05 - Vollsgjerda (Liten del)

Område for Næring som skal takast ut:
-N03 – Sprakjehaugane
-N20 – ECO Hamna
-N22 – Fretheimshaugane (36/2)
-N23 – Kvam (5/8)

Du kan lese saksutgreiinga om nye utbyggingsområde her. Mange av desse områda har generelle namn, dersom du har innspel til stadnamn som blir meir riktig å bruke kan du ta kontakt med kommunen. 

Kva skjer vidare

Så langt har administrasjonen tatt imot innspel til den nye arealdelen, gjennomført grendamøte, hatt open kontordag, møte med overordna myndigheiter og arrangert fleire arbeidsverkstadar. Administrasjonen har også utarbeida fleire rapportar og strategiar som skal nyttast i konsekvensutgreiinga. I det neste halvåret kjem administrasjonen til å arbeide med plandokumenta til den nye arealdelen. Dette inneber å utarbeide nytt arealplankart, lage nye føresegn, planomtale, ROS-analyse og konsekvensutgreiing. Når dette er klart, blir den nye arealdelen lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Dersom du har spørsmål eller synspunkt om desse utbyggingsområda kan du ta kontakt med kommunen: post@aurland.kommune.no eller på tlf. 57632900