Aurland kommune vil på vegne av kommunekomiteen få rette ein stor takk til alle bøsseberarane som var ute og gjekk søndag 22. oktober. Utan dykk så hadde ikkje TV-aksjonen vore mogleg å få til.

Aurland kommune må òg få takke innbyggjarane i Aurland for ei givarglede som er utruleg flott. Næringsliv, skular, private, lag og organisasjonar og kyrkjelege organisasjonar med fleire har bidrege stort, og på ymse vis.

Resultatet i vår kommune er komme opp i 104,05 kr pr aurlending. Til no er det samla inn 184 690 kr i Aurland.