Ein forventa ikkje så mange brukarar av ordninga, då rutetidene ikkje passa arbeid og skule. I tillegg til at Flåm barnehage og skule ligg så pass langt vekke frå kaien at ein ikkje kunne la bilen stå -spesielt om ein i tillegg jobba i Aurland. Alt i alt så var det to personar som meldte sin interesse for skyssordninga, men uheldigvis så viste det seg at dei aktuelle tidene på ferja vart kansellert den dagen. Og dette gjorde at dei ikkje kunne reise eller måtte finne ein anna måte å kome seg heim på, då det ikkje var kommunisert ut på førehand. Dette syner kanskje at om ein skal nytte ei turistferje i samband med pendling for lokale så må ein ha tilgang til meir informasjon og denne informasjonen må nå ut til dei lokale òg.  

Grilling på bui vart ein suksess, og den største delen av testen vart eigentleg der, då fekk me snakke med innbyggjarane om dei har vurdert dette med å nytte fjorden som framkomstveg og kvifor dei ikkje kunne bruke den i samband med testen. Det var tydeleg at dette var noko fleire hadde tenkt på og her er nokre av tilbakemeldingane som kom: 

  • Hadde eit ynskje om å nytte meg av tilbodet, men det vart utfordrande i samband med henting av barn i barnehagen i Flåm -i tillegg til arbeid i Aurland.  

  • Tidene passa ikkje så godt, spesielt med tanke på reise til Aurland og Flåm om morgonen -ynskjer å bruke fjorden meir 

  • Har måtte nytta fjorden når vegen har vore stengt, det har vist seg å vera den sikraste vegen når dette skjer  

  • Skulle ha vore ein fjord-skyss ordning- med moglegheit om å  bruke den til og frå arbeid  

  • Var ikkje klar over at det finst eit ambassadørkort på ferja 

  • Hadde planar om å bruke ferja, men den ruta som passa vart kansellert 

Ein ser at innbyggjarane er interesserte i å kunne bruke fjorden som ein ferdselsveg, men dei rutene som er no vert vanskeleg å bruke i samband med skule, barnehage og arbeid -men dei kan inngå i ei slik rute. Veldig mange hadde tenkt på korleis dei kunne bruke tilbodet, og dei var generelt positive til å kunne nytte fjorden, spesielt dei som er i etablerarfasen eller som er i arbeid i Flåm og i Aurland.  

I rapporten viser Lokalt Byrå til Skyss som den som kanskje sit med nøkkelen til vidare satsing på fjorden som ferdselsveg, og sett i ly av at Lærdalstunnellen kjem til å verta delvis stengt og at det vil verta behov for meir pendling på fjorden grunna dette. Eit betre tilbod som skyss har regien på kan og vera med på å betre tilboda til andre reisande i regionen.  

Vegen vidare for Gnist og Undredal?  

I sluttrapporten til Lokalt Byrå kjem dei med fylgjande anbefaling vidare, (omsett frå bokmål):  

For å bøta på prosjekt-trøyttleiken som innbyggjarane i Undredal kan kjenna på, valte me eit konsept som skulle gje mest aktivitet for pengane. Vegen vidare for Undredal meina me vil vera om folk i bygda vart organisert til å ta fat i eigne utfordringar sjølv, framføre å vente på at kommune, fylke eller stat skal løyse deira utfordringar.  

Undredal har mange aktive lag og foreiningar, men har gått i gjennom mange utskiftingar og endringar dei siste åra. Etter fleire samlingar med Underdøler ser me at det ikkje er ideane det manglar på, men evnene til å få ballen til å rulla. I konsept-porteføljen presenterte me bygdeakseleratoren der ein saman tek tak i initiativ hjå innbyggjarane for å setje desse ut i live. Me meinar fylkeskommunen sine LivOGLyst-midlar kan vera ein moglegheit for å setje nokre ressursar bak dei mange initiativa som no lev i hovuda og rundt kaffiborda til folk i Undredal. Kan kommunen invitera til informasjons-kveld for å setje ballen i innbyggjarane sin banehalvdel?  

Vegen vidare og eit LivOGLyst-prosjekt? 

Idéane frå prosjektet adressera felles utfordringar og forslag til korleis kommunane, næringslivet og lokalsamfunnet kan samarbeide om å gjere utfordringane til ein moglegheiter. Det er utarbeida fire konsept i Undredal, basert på innspela som kom fram i innbyggjarverkstaden som var i august på ungdomshuset.     

- Konseptet «Undredals beste ferje» viser moglegheitene i at turistferja blir ein del av kollektivtilbodet for innbyggjarane, og korleis ein kan utvikle eit større tilbod for turistane som kjem med same ferje.  

- «Landbruksturisme på eigne premiss» spør om ein kan gi innbyggjarar og bønder som blir forstyrra av turistar fred gjennom å gje dei nysgjerrige turistane ein passande stad å oppsøke.  

- «Startmotor for innbyggarar» handlar om korleis ein kan kombinere sosiale kveldar i bygda med hjelp frå innbyggjar til innbyggjar. Dette for å få til nye prosjekt, tilbod og bygg, kor ein arbeider med og ikkje mot vernestatus.  

- «Underdøl 32.0» peikar på korleis neste generasjon Underdøler i og utføre bygda kan kome saman om å planlegge sitt preg på bygda, når dei skal forvalte ho på vegne av dei 31 tidlegare generasjonane.  

I samband med eit eventuelt liv og lyst prosjekt så er det fleire av konsepta som ikkje vart testa som kan passa inn i programmet, eventuelt at ein vel noko heilt nytt eller ein kombinasjon av fleire.  

Liv Og lyst For samfunnsutvikling er eit program og nettverk for dei som ynskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet sitt. Det er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar.  Det er eit program som vert lyst ut av Vestland Fylkeskommune og er eit samarbeid mellom statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland.  Om det er ynskje at kommunen kjem for å fortelje meir om denne moglegheita så send ein e-post til Linn-Janette Underdal Skarsbø linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no.  

Eit samarbeid med kommunen er viktig, og samarbeidet skal vera på lokalsamfunna sine premiss -det er dei som bur i området som skal eige og drifte sine prosjekt. Kommunen er ein samarbeidspartnar, men søkjar, prosjekteigar og prosjektleiar må vera eit frivillig lag eller foreining. Gjennom eit LivOGLyst program får ein tilgang til nettverk, konferansar, kursing, rettleiing og økonomisk tilskot. Det byrjar som ein eittårig forprosjekt med ein stønad på 80.000,- etter dette er fullført så kan ein søkje om å verta eit hovudprosjekt -om ein får det innvilga så får ein stønad i tre år til å vidareutvikle prosjektet. Ved eit treårig prosjekt får ein 390 000,- fordelt over tre år frå fylkeskommunen. I tillegg til at kommunen må bidra med kr 90 000,- over tre år.  

Tilskotet kan gå til:  

  • Prosjektleiing (inntil 50%) 

  • Kompetanseheving/kurs  

  • Nettverksbygging 

  • Mobilisering 

  • Innkjøp som mogleggjer planlagde aktivitetar.  

Andre prosjekt har til dømes vore å lage ei felles heimeside for bygda, arrangering av dugnader folkefest osb.  

Viktige datoar!  

Vestland fylkeskommune arrangera ein LivOGLyst konferanse 3. okober og påmeldingsfrista er allereie 20. september. LivOGLyst-konferansen på Skei - Vestland fylkeskommune 

Søknadsfristen for programmet er i slutten av okober (me har ikkje fått informasjon om dato).  

I samband med prosjektet vart det skrive to rapportar til DOGA, desse kan du lese på linkane under:  
Link til rapporten på hovudprosjektet i Gnist -litt lettare lesnad enn den som vart sendt til Doga https://www.jottacloud.com/.../303ae2dfaebfaf54de.../thumbs/