Deltakarar på møte var representantar frå Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet med statssekretærar i spissen, ordførarane i kommunane Ulvik, Lærdal, Aurland, Hemsedal, Hol, Ål og koordinator for reetablering, leiar i Nordfjellarådet, leiar og sekretær for Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell og leiar og sekretær for Villreinutvalet for Nordfjella.

Målsetjinga for møte var m.a. å kunne koma fram til ei fells forståing for vidare prosess og korleis ein best mogleg sikrar lokalt engasjement og involvering, fram mot politisk avgjerd i arbeidet med reetablering av villrein i Nordfjella sone 1.

Det vart lagt fram samla synspunkt og klare oppmodingar frå kommunane, Nordfjellarådet, Villreinnemda og Villreinutvalet. For dei er det eit klart standpunkt at Nordfjella sone 1 skal reetablerast med villrein frå Nordfjella sone 2 (sør for Fv.50). Dei fem åra med brakklegging er forbi og det nærmar seg målet om 99% sansynlegheit for at det ikkje er smitte i dyra, etter jakta 2023 vil prosenten med ingen nye tilfelle av skrantesjuke vera ca. 96%. Ut frå dette var det eit klart samla bodskap til departementa, at reetablering med overføring dyr frå sone 2 til sone 1 startar i 2024.

Det var semje om at god dialog i det vidare arbeidet er avgjerande for å lykkast med reetableringsarbeidet.