Me fekk inn mange gode innspel om kva som må prioriterast vidare, mellom anna ynskje om ein frivilligsentral, ein konkret person i kommunen som vart ein frivilligkoordinator, og eit auka fokus på dei utfordringane me står framfor dei neste åra, spesielt med tanke på eit stadig aukande tal eldre, og den verdifulle ressursen dei representerar.

Me vil ha møte med arbeidsgruppa i løpet av oktober for å lage ein skisse til meldinga. 

Sjå oppsummering frå møte under.

Hadde du ikkje anledning til å delta, kan du sende innspel til Gøran så skal han ta det med vidare inn i arbeidsgruppa, epost: goran.johansen@aurland.kommune.no

Kva vil vere viktig å få med seg i ein frivilligmelding?

  • Korleis kommunen skal forplikte seg til å støtte og løfte opp lag og organisasjonar både økonomisk og «administrativt».
  • Frivilligsentral som òg inkludera utstyrssentral mv.
  • Info om søkarportalar
  • Info om lag og organisasjonar som er i Aurland (må ligga digitalt og oppdaterast).
  • Info om korleis det er å vere frivillig
  • «Homestart» - støtte for familiar
  • Tilrettelegging for årlege dugnadar i barnehage og skule for å syne verkelegheita av å bidra  i samfunnet og for å lære born og unge betydninga av dugnad slik at dei òg vert med framover.
  • Ein definisjon på ordet «frivilligheit»
  • Ein tydeleg målsetting med ¨ha frivilligmelding
  • Samarbeid mellom frivillige organisasjonar
  • Kven som har størst behov for frivilligheit (eks, born, eldre, tilflyttarar, flyktningar)
  • Integrering er viktig
  • Korleis få aktivitetar til å gå av seg sjølve, ikkje vere avhengig av ein leiar eller opningstider.
  • Korleis nytte ressursar best i AK. Mange lag har peng, men kanskje ikkje nok ressursar til å drive prosjekt.
  • Betre samarbeid mellom kommune og lag og organisasjonar
  • Meldinga må syne korleis samarbeid skal fungera
  • Meldinga må innehalde eit system for korleis kommunale ressursar skal tildelast/brukast.
  • Ynskjer å mjuke opp forholdet mellom frivillige og kommunen.
  • Bør vera ein frivilligkoordinator – koordinera arrangement og kommunikasjon – Ein kopi av Ole (ref. Lærdal).
  • Treng hjelp med søknadar.
  • Skisse på korleis samarbeidet bør vera
  • Korleis få fleire involvert i frivillig arbeid.
  • Kva skal kommunen gjere for dei frivillige?
  • Har ikkje eit ansikt å forhald seg til – møter ei heimeside. Må ha ein fysisk person.
  • Ein aldrande generasjon – må ikkje kjempe mot utvikling, men nytte momentet.
  • Kva har me gjort før, korleis kan me bruka det på ny måte inn i framtida.

Kva møteplassar har me i dag for frivilligheita?

  • Røde kors-huset
  • Hopastova + Huldra
  • Aurlandshallen/AIS/fotballbana/friidrettsbana/klubben
  • Kyrkja
  • Samfunnshuset i Flåm
  • Undredal ungdomshus/vassbygdi ungdomshus/Gudvangen ungdomshus
  • Leikvollen i Vassbygdi
  • Skytebana
  • Naturen med onsdagsturar, vener av Aurlandsdalen m.v og dugnadar.
  • Heradshuset med div. lag og organisasjonar.
  • Kafèar
  • Trudvang
  • Duehuset/Ægir, m.v
  • Biblioteket
  • Basseng/treningsrom
  • Mange hus/bygg, men ingen felles, fritt tilgjengelege.
  • Nok fysiske møteplassar – innhald?
  • Undredalsbui.
  • Heradshuset bør kunne nyttast meir av frivillige lag og organisasjonar.
  • Møteplass treng ikkje vera eit bygg.