Det generelle bålforbodet gjeld framleis

Framleis gjeld det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og annan utmark i perioden 15. april til 15. september. Det inneber bruk av alle typar grillar, stormkjøkken, bål, eingongsgrill og bålpanner for å nevne noko.  Alle pliktar dessutan å vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.