20. november kl. 19.00-21.30 Sogndal kulturhus -Innovasjonskveld for damer

Korleis bruke ressursane kring oss på nye måtar? Skogselskapet ilag med Sogn Sparebank, Vestland Bondelag og Sogn Næring inviterer til damekveld der ein ser på utnytting av landbruksressursane våre. Kvelden passar til alle som har interesse i produksjon av grønsaker, frukt, bær og skog. I både liten og stor skala. Sjekk ut meir informasjon om kvelden og billettar her: Innovasjonskveld for damer: Korleis nytte ressursane kring oss på nye måtar? (sognnaring.no)

22. november -Søknadsfrist for Sparebanken Vest sitt næringsfond

Sparebanken Vest sitt næringsfond region Sogn og Fjordane sitt kjerneområde er å gi starthjelp til gode forretningsidèar som kan skape nye arbeidsplassar i regionen vår, samtidig som dei bidreg aktivt til grøn omstilling og berekraftig utvikling. Årets fjerde og siste utlysing av mulegheiter for å søke støtte til utvikling av nyskapande, framtidsretta forretningsidèar med vekstpotensiale, er hermed opna. Onsdag 13 desember samlast styret for fondet for å vurdere innkomne søknader. Lenke til søknadsskjema.

24. januar 2024 -Oppstart av Mentorprogrammet til Sogn for alle

Arbeidar du på ein multikulturell arbeidsplass der du gjev støtte, opplæring og inkludera nykomlingar på arbeidsplassen - då kan mentorprogrammet til Sogn for alle vera noko for deg! Mentorprogrammet består av fem samlingar i perioden januar 2024 til mai 2024. Verksemda gjev dei tilsette fri for å delta, og får tilbake kompetanseheving innanfor viktige fagområde. Samlingane vert haldne i Sogndal og er gratis. Det vert servert lunsj.

Programleiar Heidi Elisabeth Myrvold, Nav arbeidslivssenter og Eirin Kormeset, Sogn for alle, er ansvarlege for programmet. Vestland fylkeskommune og Sogn regionråd finansierer programmet. 

Interessert? For meir informasjon kontakt arbeidslivsrettleiar Eirin Kormeset, tlf. 924 44 702. Påmelding til eirin.kormeset@sogndal.kommune.no. Før på namn, bedrift, e-post, telefonnummer og namn på leiar.

Meir informasjon om programmet finn du på desse linkane:

Velkommen som mentor og Mentorprogram 2024

Har du informasjon om kurs, konferansar eller møter som skjer i regionen og som kan vera av interesse for innbyggjarar, samfunnsutviklarar og næringsliv i Aurland?

Send gjerne informasjon til Linn-Janette Underdal Skarsbø på linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no