Vi er på jakt etter gode namn som dekker formålet og aktiviteten i bygget.

Kom med forslag til:

  1. Namn for nybygg
  2. Møterom: det er 2 store møterom, 3 samtalerom
  3. Fellesareal, det er 4 fellesareal i bygget
  4. I personalbasen er det 3 rom for fleksibel bruk 

Nokon tips til namneforslag:

  • Bør vere lett å skrive, lese og uttale
  • Vi ynskjer at rom skal ha namn som byggjer på lokal namnetradisjon, historie og geografi

Dei beste forslaga går vidare til avstemning.

Forslag sendast til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland eller pr. e-post: post@aurland.kommune.no

Merk forslaget med: namnekonkurranse heildøgnsomsorg

Vi håpar på mange kreative forslag. Juryen vil bestå av representanter frå politiske råd og utval, samt prosjektgruppa.  Vinnarane vil bli markert.

 

Vi satsar på offisiell opning av bygget i januar 2024!

Det nye bygget inneheld:

  • 10 heildøgnsomsorgbustader
  • 2 rom for avlastning
  • 7 pasientrom i bufellesskap
  • Fellesareal
  • Personalbase og garderobar for tilsette
  • Møterom og samtalerom