Den 19.06.2023 kunngjorde Anne Mari Samskott ein namnekonkurranse der alle innbyggjarar i kommunen kunne kome med namneforslag til den nye omsorgsbustaden. Her kunne ein kome med namneforslag til bygget, møterom, fellesareal og personalbase. Det var eit ynskje i frå kommunen at romma skulle byggje på lokale namnetradisjonar, historie og geografi.

Det vart vedteke følgjande namn til romma:

Møterom: Tingstaden, Husanosi, Lintu, Erlehaug og Seltuft.
Fellesareal: Solstova, Auratun og Fjordsikten.
Personalbasen: Upsete, Grimsete og Glomsete.

Me vil gjerne utbringe ein stor takk til alle som kom med mange fine forslag til namnekonkurransen, og ein stor takk til juryen som fekk den vanskeleg oppgåva å velja i mellom forslaga.