Aurland helsetun har ulike former for aktivitet for dei som har vedtak om plass i helsetunet, til dømes:  

  • motiview, vi ser film frå nærområdet på fjernsyn (Stegastein – Vangen, Flåmsdalen )
  • streaming av konsert
  • El-sykkel - ein til to pasientar
  • vårfest, sommarfest, haustfest og julefest, vanligvis alle i lag i kantina med musikalsk innslag
  • You-tube, der me ser på tv både gamle og nye filmar frå Aurland kommune
  • andakter/songstund kvar 14. dag (bebuarar i omsorgsbustad er invitert med)
  • lesestunder
  • spelar spel, som ludo, yatzy, kortspel
  • samtalar ein-ein, ofte om eldre dagar, kva dei gjorde, mimring , samt les/ser og samtalar om bøker med lokal historie, albumar
  • handarbeid
  • aktivitet med ball/ballong
  • høyre på musikk, ofte gamle kjente sangar
  • syng i lag
  • fargelegging
  • manikyr
  • baking
  • brukar sansehagen til turar ute
  • besøk av barnehagen i Lucia dagen
  • besøk av barnehagen i 17.mai
  • kontakt med pårørande via i-pad, (face-time og liknande)

Helsetunet har også samarbeid med kulturavdelinga i kommunen:

  • mai 2021 - musikalskinnslag av Odd Jacobsen, bebuarar fekk høyre om Elias Blix og om hans liv, samt at Odd spelte på piano på mange av hans kjente sangar.
  • september 2021 – kulturell spaserstokk- besøk med kulturell innslag av fantefolk (song, musikk og tekstar av Per Sivle)
  • frå september 2021, musikkstova kvar måndag, musikk og spel med Arnt Bjørnar Eggen frå kulturskulen
  • desember 2021 – julekonsert med lærarar og elevar frå kulturskulen

Frivillig arbeid

Ynskjer du å arrangere aktivitet som frivillig, eller har idear som du har lyst å setje ut i livet, ta kontakt med oss.

Tenesteleiar for pleie og omsorg, Essi Mäki, 412 31 721.

Avdelingsleiar for helsetunet, Ingrid, F. Bekkedal, 959 84 639.