Du treng ikkje uroa deg dersom du ser at det brenn i Skulevegen 18 i Aurland på laurdag 7 oktober.  Aurland brannvern gjennomfører kontrollert nedbrenning av bustadhus. 

Konrollert nedbrenning - skulevegen 18.JPG

Brannen vil vera synleg for mange, og difor vil vi på denne måten informera innbyggjarane i området om at dette ikkje gjeld ein farefull brann, men ein kontrollert nedbrenning som vil vera verdifull trening for våre brannmannskap. 

Nedbrenning av bustadhuset vil pågå i tidsrommet kl 10.00 - 18.00. Bustaden er eit hus som Vestland Fylkeskommune eigentleg skal rive, men som Aurland brannvern har fått lov til å nytte som øvingsobjekt. 

Øvinga er eit ledd i ein omfattande opplæring for eigne tilsette. 

Det er gjennomført miljøsanering av huset før øvinga, det vil seie at alle bygningsdelar som inneheld skadelege kjemikalier er fjerna på førehand. Sjølve øvinga vil gå ut på at røykdykkarar vil trena på innvendig brannslokking. Det vil bli prøvd ut ulike slokkemidlar og slokkemetodar, og ikkje minst sikring mot spreiing av brann. Huset vil bli tent på og slokka fleire gonger før huset til slutt brenn ned. 

Dette er ein svært realistisk øving for Aurland brannvern. God opplæring og denne type øvingar er ein føresetnad for best mogleg innsats ved reelle hendingar.