Den 11. september 2023 er det kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg.

Førehandsrøysting
Den ordinære førehandsrøystinga varar frå 10. august til 8. september.
Du kan røyste på rådhuset mellom kl. 08.00-15.30
Det vert også ope for å førehandsrøyste på rådhuset:
Laurdag 2. september: 10.00 – 15.00
Torsdag 7. september: 08.00 – 20.00

Ambulerande røysting
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uføre ikkje har høve til å førehandsrøysta i rådhuset, kan søkje valstyret om å få førehandsrøysta i heimen/der dei oppheld seg. Søknaden treng ikkje vere skriftleg, du kan ringe 57 63 29 00.  Kontaktpersonar: Beathe Stentvedt / Anne-Mari Samskott.
Frist fredag 8. september kl. 10.00.

Informasjon om tid og stad for røysting valdagen
Aurland kommune har to-dagarsval - søndag 10. september og måndag 11. september.
Alle som har røysterett og står i manntalet kan røyste. Du kan sjølv velje kva vallokale du vil røyste i, uavhengig kva krins du er manntalsført.

Opningstider er:
Vangen krins, Aurland Rådhus, 09:00 – 20:00
Vassbygdi krins, Messa, E-CO, 12:00 – 19:00
Flåm krins, Flåm skule, 12.00 - 19.00
Undredal krins, Undredal Ungdomshus, 12.00 - 19.00
Skjerping krins, Gamle Gudvangen Hotell: 12:00 - 19:00

Vangen krins har også røystetid sundag 10. september på Aurland Rådhus, 14:00 – 18:00

Kva treng du for å røyste?

Du må ha legitimasjon med bilete når du møter fram for å røyste.

Ta gjerne med deg valkortet. Det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det går raskare for deg. Har du ikkje motteke valkort, mista eller gløymt det, får du likevel røyste.

Valkortet er ei påminning om at du også har stemmerett. På valkortet står det også kvar du kan stemme valdagen. I år vert valkortet sendt til di digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du har reservert deg mot eller ikkje nyttar digital informasjon frå det offentlege får du valkortet ditt tilsendt på papir.

Informasjon om manntal
For å kunne røyste ved valet, må du stå oppført i manntalet i ein kommune.

Veljarar busette i Noreg
Alle personar med røysterett blir automatisk ført i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busette per 30. juni 2023. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 1. juli, er du registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.

Veljarar busette i utlandet
Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert som busett og med røysterett i Noreg i løpet av dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Tid og stad for utlegging av manntalet i Aurland
Manntalet for heile kommunen vart lagt ut i midten av juli i resepsjonen på rådhuset. Lista vert liggande ute fram til valdagen. Du kan kontrollere at du står oppført der, enten ved å møte opp eller ved å ringje til sentralbordet på 57 63 29 00. Om du ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du klage skriftleg per post til Aurland valstyre, Vangen 1, 5745 Aurland, eller e-post til post@aurland.kommune.no