Det gjekk eit større ras i Stampa omlag kl. 00:50 i natt, og naudetatane rykka ut til staden. Raset har skada delar av vegbane, samt kraftlinje i området. Som følgje av raset avgjorde politiet evakuering av nærliggande bustadar. Aurland kommune sette stab på rådhuset for å handtere situasjonen.

Kl. 08:00 i dag vart det gjennomført statusmøte mellom Statens vegvesen og kommunen. Pr no er status at deler av foten på blokkformasjonen har rasa ut, men at blokka på ca. 5000 m3 står att. Det er og potensiale for at eit større volum enn dette kan rase ut. Det har vore aukande bevegelser gjennom natta og målingar no på morgonen syner ein bevegelse på  6 cm pr time. Det har gått mindre steinsprang i området i dag tidleg. Omlag kl. 11 i dag vil geolog synfare rasstaden og gjennomføre undersøkingar med drone. Det vil mellom anna verte laga 3D modell for å anslå størrelse på raset samt å få ein betre oversikt over situasjonen. Grunna stor bevegelse og fare for nye ras vil E-16 verte stengt fram til måndag 03.07 og det vil verte ny vurdering då.

Lokalbefolkning og turistar vert oppmoda om å halde god avstand til rasområde både på land og langs sjøen.

Kart over rasområde

Figur 1 Plassering treffpunkt E-16

Oppdatert: Etter møte med Statens vegvesen og NVE kl. 15:30 har Aurland kommune fått informasjon om at steinmassen som er venta ikkje vil skape ei flodbølge, men at ein vil oppfordre til at båttrafikk ikkje køyrer nær rasområdet. Ny informasjon vil fortløpande verte lagt ut på kommunen sine heimesider.

Kontakt info :

Mediekontakt Ordførar Trygve Skjerdal tlf 95984636

Tenesteleiar Aurland Kommune  Reinhardt Sørensen tlf 95984604