Alarmtelefonen
Er du barn og blir utsett for vald, truslar, overgrep eller omsorgssvikt? Treng du nokon å snakka med? Då kan du ta kontakt med alarmtelefonen på chat 116111.no (åpen hele døgnet) eller telefon 116 111.

Det same kan du som vaksen gjere dersom du fryktar at eit barn ikkje har det bra, eller blir utsett for noko av det over.

Chatten er open heile døgnet, og SMS er tilgjengeleg heile døgnet på nummer 417 16 111. Telefonen er stengt på dagtid mandag til fredag. Opningstid for dei fleste kommunane i Noreg vil vere fra 15.00 til 08.00. Dei kommunene som har ei barnevernvakt som besvarar telefonen på dagtid vil framleis gjere dette.

Aurland kommune sin vakttelefon er er bemanna heile døgnet. Telefonnummeret er 902 13 481. Du skal ringe hit dersom du er alvorleg bekymra for eit barn eller ungdom og du tenker bornet har trong for umiddelbar hjelp frå barnevernet. Dersom saka kan vente til neste virkedag finn du telefonnumra våre her: Barnevern - Aurland kommune

Mental helse
Har du psykiske vanskar og ønsker nokon å snakka med? Mental helse har ei gratis døgnopen hjelpetelefon 116 123 og chat for alle som treng nokon å snakke med.

Røde Kors
Kors på Halsen hjelpetelefon og chat er open 16-22 kvar dag.

ung.no
Dersom du har spørsmål som ikkje hastar, så kan du stille desse på ung.no. Der er det fleire fagpersonar som svarer på spørsmål frå barn og unge.

Les også meir her: Barn og unges rettigheter – Barneombudet