Det betyr at det ikkje er lov til å tenne ild eller grille i offentleg tilgjengelege parker og friluftsområde, tilrettelagte badeplassar eller på kommunen sine tilrettelagte bål- og grillplassar.

Forbodet gjeld også sankthansbål. Det ekstraordinære forbodet inneber alle typar griller, stormkjøkken, bål, eingongsgrillar og bålpanner og lilknande. Årsaka til forbodet er stor skogbrannfare i området. Den mellombelse forskrifta varer frå og med 16. juni klokken 16.00 og til og med 30. juni. Dersom brannfaren blir vesentleg redusert i løpet av denne perioden, vil det vurderast å oppheve forbodet tidlegare. 

Ved oppheving av det ekstraordinære forbodet vil det generelle bålforbudet stadig gjelde. Dette forbodet gjeld kvart år fra 15. april til 15. september i heile landet, og forbyr som ein hovudregel å gjere  opp ild i eller i nærheita av skog og annan utmark.  


Det er nokon unntak fra forbodet: Det er framleis lov å grille i eigen hage og på større asfalterte eller gruslagte områder så lenge desse ikkje ligg nær terreng som kan starte å brenne. Kommunen ber folk syne aktsemd.  DSB har auka skogbrannberedskapen og har satt 11 helikopter på beredskap, 1 av desse er stasjonert i Aurland.

H f 8zdz 6BlgrAAAAAElFTkSuQmCC