Ta med legitimasjon med bilete når du møter fram for å førehandsrøyste.

Viss du har fått tilsendt valkort, antan på papir eller elektronisk bør du ta med dette også, sjølv om det ikkje er noko krav for å få førehandsrøyste. Har du spørsmål om valkortet så ta kontakt med din kommune.

I tillegg vert det høve til å førehandsrøyste på jordbrukskulen og helsetunet med slike opningstider:
Sogn Jord- og hagebruksskule måndag 4. september frå kl. 10.00-11.30
Aurland helsetun tysdag 5. september frå kl. 12.00 – 14.00 

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uføre ikkje har høve til å førehandsrøysta i rådhuset kan søkje valstyret om å få førehandsrøysta i heimen/der dei oppheld seg. Søknaden treng ikkje vere skriftleg, du kan ringe 57 63 29 00.  Kontaktpersonar: Beathe Stentvedt / Anne-Mari Samskott.
Frist fredag 8. september kl. 10.00.