Flyktningtenesta har behov for einingar med både ein, to og tre soverom. Helst bustader som ligg sentrumsnært. Nærleik til butikk og skule er viktig. Både Flåm og Aurland er aktuelt, og leilegheiter, rekkjehus og einebustader kan passe.

Det er vanleg husleigekontrakt med tre månader oppseiing.  I praksis ønskjer NAV langtidsleige, men vanleg kontrakt fungerer normalt sett.

Utover at bustaden helst bør vera sentrumsnær, eventuelt relativt nær butikk eller grendasentrum, bør det vera ein viss kvalitet. Isolert, tette glas, ikkje for dyr straumrekning. For hus, gjerne med varmepumpe.

Har du husvære som passar? Ta kontakt med leiar for NAV, Einar Moen på e-post: Einar.Moen@nav.no

Bruk gjerne løysinga nedanfor til å melde inn ledig bustad: