Ferdsel i skredterreng vert ikkje tilrådd.

Det er venta mykje regn frå fredag. Relativt høge temperaturer og vind fører til stor snøsmelting. Snø og is som ligg i terrenget kan medføre at overvatn tek nye vegar.

Tilrådingar
Hald stikkrenner, kummer og andre vassvegar fri for snø og is. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred. 

Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elvelaup med stor vassføring.

Me oppmodar innbyggarane om å følgja med på varsom.no og Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid: tlf. 959 84 600 (beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

I opningstida kan alternativt sentralbordet kontaktast: tlf. 57 63 29 00