Det kan kvart år delast ut ein pris til ein einskildperson, verksemd eller lag/gruppe som har gjort ein spesiell innsats for å markere kommunen ved å ha profilert lokalsamfunnet på ein positiv måte eller gjort ein spesiell innsats for Aurland.

Aurlandsprisen skal tildelast ein person, verksemd eller eit lag/ein organisasjon som har lagt ned ein stor innsats gjennom lagsarbeid, verdiskaping, vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer, lokalhistorisk arbeid, kunstnarleg verksemd eller arbeid for born og ungdom.

Viss du kjenner nokon du meiner bør få Aurlandsprisen i år, kan du sende eit brev eller ein e-post til kommunen med framlegget ditt.

Framlegg som manglar grunngjeving, vert ikkje vurderte.