Kommunestyret har vedtatt å sende forskrift om nedsett konsesjonsgrense (buplikt) ut på høyring. Det vil seie at kommunen vurderer å innføre buplikt i Aurland kommune. 

Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i saka 15.juni 2023:

KS- 028/23 Vedtak:

Forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Aurland kommune, Vestland blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, jf. forvaltningslova § 37, med desse endringane:

Paragraf 3 i innstillinga frå kommunedirektøren, om å ikkje gje slektskapsunntak, vert ikkje ein del av forslaget som vert lagt ut på høyring.

Høyringsfrist er 1. september

Saksdokument

Her finn du kommunedirekøren sitt forslag til forskrift om nedsett konsesjonsgrense

Her finn du saksutgreiinga til kommunestyret

Her finn du rapporten om buplikt som vart lagt fram for kommunestyret

Forskrifta

I utkastet til forskrifta er følgjande lagt til grunn:

§ 1: Det skal vere buplikt på ubygde tomter regulert til bygningar og anlegg i kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplanar.

§ 2: Det skal vere buplikt på bygd eigedom under 100 dekar, der fulldyrka og overflatedyrka jord er under 35 dekar. Det skal også vere buplikt på eigedomar som ikkje har blitt tatt i bruk eller er under oppføring i område som er regulert til bustadføremål i reguleringsplanar.

§ 3: Forskrifta blir straks satt i kraft etter vedtak.

Kommunestyret vedtok å ta ut paragrafen om slektskapsunntaket. Det vil seie at buplikta ikkje skal gjelde ved arv eller overtaking av ein eigedom til ektefelle eller nær slekt.

Slik sender du inn innspel

Du kan sende innspelet ditt på e-post til post@aurland.kommune.no eller som brev til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.

Frist: 15.september 2023

Kva skjer vidare?

Etter at høyringsfristen har gått ut går administrasjonen igjennom alle innspela og melder desse opp i ei sak til formannskapet og kommunestyret, som avgjer om kommunen skal innføre buplikt eller ikkje. Dei første ordinære møta etter valet er 26.oktober i formannskapet og 2.november i kommunestyret.