Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

- Få fram særpreget i kvart dalføre!

Dette var eit av fleire innspel kommunen fekk inn under arbeidsverkstaden for landskap og arkitektur. 27 personar møtte opp på verkstaden og kommunen fekk mange gode innspel som me tar med oss vidare i arbeidet med den nye arealdelen til kommuneplanen.

Bilete frå arbeidsverkstad om landskap og arkitektur

Her finn du alle reguleringsplanane i kommunen

Kommunen har fått eit nytt planregistert: arealplaner.no. Her finn du kommuneplanen sin arealdel og alle reguleringsplanane i Aurland kommune.


Bilete av arealplaner

Fristen for innspel på digital bygdeverkstad om Aurland si framtid nærmar seg

Fristen for å svare er 30. april 2023. Aurland kommune har i samband med innhenting av kunnskapsgrunnlag til arbeidet med arealdelen arrangert grendamøte i dei fem grendene i kommunen i mars. Sidan me veit at det ikkje er alle som hadde høve til å møta på desse møta har me laga til eit eit digitalt skjema med akkurat dei same spørsmåla som var på møta.

Sitat frå grendene

Områdeplan for Flåm er vedtatt

Kommunestyret vedtok områdeplanen for Flåm 30.mars. Her finn du plandokumenta med dei vedtatte endringane. Klagefristen er 6.mai 2023.

Plankart utan omsynssoner

Grendamøte om Aurland si framtid

Kvar og kva for type bustader skal me bygge? Kva for næring ønskjer me? Og korleis kan me legge betre til rette for reiselivet og dei som bur i bygdene turistane besøker? Vi inviterer til grendamøte for å høyre dine innspel!

Undredal sett frå toppen av Kappadalen 05.08.09. Foto Håkon Loven

Kom innom Folkekontoret på fredagar!

Kvar fredag frå 17.feb til 28.april skal planavdelinga ha open kontordag på rådhuset. Her kan du kome innom for å stille spørsmål om arbeidet med den nye arealdelen til kommuneplanen. Enkelte fredagar vil representantar frå teknisk, landbruk m.m. også vere til stades. 

Her finn du folkekontoret

Oppstartsvarsel Detaljreguleringsplan for Hagane

I samband med Statens Vegvesen sin oppgradering av Lærdalstunnelen er Hagane i Vassbygdi valt ut som eit aktuelt område for å deponere massar. I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla om oppstart av planarbeid for Hagane. 

Kart over Hagane i Vassbygdi

Resultat frå prøveboring etter kvikkleire i Flåm

Før jul vart det gjennomført prøveboring for å vurdere forholda knytt til grunnstabilitet (kvikkleire) i Flåm. Resultata frå undersøkinga er klar og det er ikkje påvist sprøbruddmateriale eller kvikkleire.  

Bilde som viser punkta for prøveboringa