Fyrst på dagen hadde me eit opplegg for ungdommane der dei mellom anna svarte på spørsmål kring rus og utanforskap. På kvelden fekk foreldre eit eige føredrag, der dei også fekk sjå svara som ungdommane hadde gjeve. Både foreldre og ungdommar fekk høyre det same føredraget. Richard fortel nært og verklegheitsnært om eigne erfaringar kring eit liv levd i rus, og ikkje minst om kva rolle me vaksne har i ungdommane sine liv som tydelege og trygge personar. Viktigheita av å setje gode grenser samstundes som ein beheld ei utforskande haldning saman med ungdommen kjem tydeleg fram.

Nettopp dette er sikkert medverkande til at ungdommane opplevde det som både interessant og lærerikt, samstundes som dei trur dei er meir bevisste på eigne val.

For meir informasjon sjekk ut nettsida: www.midtitrynet.no.

Me vil også takke Sogn Sparebank som gav oss midlar til arrangementet, me er svært takksame og samarbeider gjerne om fleire arrangement for førebyggande arbeid i kommunen!