Søndag den 23 juni er det sankthansaften, i den forbidelse er det mange som ønsker å brenne jonsokbål. Dersom du skal brenne jonsokbål må du søke om løyve først. 


Søknadsfrist er fredag 21 juni.


Fyll ut skjema og send per e-post til Reinhardt Sørensen, e-post: reinhardt.sorensen@aurland.kommune.no

Du kan også kome innom rådhuset og fylle ut søknadsskjema. 

Den som tenner bålet er ansvarleg for vurderingane som er gjort.


Før bålet vert tent må ein tenkje på følgjande

  • Plassering må vera slik at det openbart ikkje kan føre til brann, les Forskrift om brannforebygging §3.

  • Slokkemidlar som bøtter med vann, vannslange mv. må vere tilgjengeleg

  • Ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna som kan ta fyr (det generelle forbodet i skog og annan utmark gjeld fortsatt)

  • Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhald

  • Ikkje bygg bålet for stort slik at du har kontroll på det og kan sløkkje ved behov.

  • Sørg for at born held god avstand, bruk kle i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff smelter og tenner lett ved sterk strålevarme.

  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet

  • Bålet skal vere fullstendig slokt når bålplassen vert forlatt

  • Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.

  • Kjem bålet ut av kontroll ring 110