KS-065/21 Vedtak:
Endring av reguleringsplan for Skinnarviki–Tjøresva, planid 4641-2021003, vert vedteken, og deler av gjeldande reguleringsplan, planid 4641_1421-1997002, vert endra.
Føremålet med planendringa er å auke utnyttingsgraden innanfor felt O2, og å legge til rette for ein vidareutvikling av dagens helsetilbod ved Aurland Helsetun. Reguleringsendringa omfattar endringar i føresegner, ikkje i kart. Dei planlagde tiltaka er i samsvar med formål i gjeldande eldre plan, der området er satt av til offentleg bebyggelse. Konsekvensane av endringane kjem fram av planomtala.
Planvedtaket kunngjerast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.
Aurland kommunestyre sitt vedtak kan påklagast til Statsforvaltaren jf. plan- og bygningslova §§12-12 og 1-9, jf. forvaltningslova kap VI.
Klagen må fremjast skrifteleg og sendast til Aurland kommune, post@aurland.kommune.no eller Vangen 1, 5745 Aurland.
Fristen for å klage på vedtaket er tre veker frå denne kunngjeringa vart publisert, etter forvaltningslova § 29.
Dokument til saka
Vedtak
Planomtale med risiko- og sårbarheitsanalyse
Reguleringsplankart
Reguleringsføresegner