Frå arbeidsgruppe til styre
Ei arbeidsgruppe på tre personar, nedsett av kommunestyret og med namnet Otternesgruppa,
fungerte som eit interimstyre for Otternes Bygdetun i tida etter overtakinga og fram til hausten 2009. Då fekk Otternesgruppa, gjennom vedtak i sak KS-050/09, endra status frå arbeidsgruppe til Styre for Otternes Bygdetun (SOB). Vedtaket slo vidare fast at ”Styret skal fungere som byggjenemnd for aktuelle restaureringsprosjekt på Otternes Bygdetun. Styret får sjølv bestemme om heile eller deler av styret skal ha denne funksjonen.”
Kulturhistorisk skatt
I 2008 utarbeidde Geirr Vetti og Mons Kvamme ei kulturhistorisk vurderinga av Otternes Bygdetun. Her vert det m.a. slege fast at det er viktig å vere klar over at verdiane i tunet er knytte til fleire ulike forhold, ikkje berre alderen på busetjingane og dei einskilde bygningane. Det at heilskapen i tunet er så godt teken vare på er eit viktig punkt. Eit anna poeng, seier vurderinga, er knytt til autensiteten; ”Reparasjoner og vedlikehold har vært utført med pietet og respekt for den tradisjonelle byggeskikken i tunet.”
Krevjande restaureringsarbeid
I samsvar med avtalen står kommunen for vedlikehaldet av bygningar på bygdetunet. Det er ikkje berre ”tidas tann” som er utfordringa; dei mange og gamle bygningane er under sterke angrep av den stripete borebilla (mott). Knut Olav Lie har vore ein svært viktig ressurs å nytte i restaureringsarbeidet. Likeeins bidreg no Nærøyfjorden Verdsarvpark med god fagkunnskap på dette feltet.
Stifting Otternes Bygdetun
I 2012 blei Otternes Bygdetun overteke av ei stifting, Stiftinga Otternes Bygdetun. Stiftinga har som formål å forvalte kulturminnet på Otternes ved å syte for naudsynt vedlikehald og at det skjer ei løpande restaurering og tilrettelegging av fasilitetar for bruk, forankra i eit aktivt planverk for ivaretaking, formidling, oppleving og verdiskaping.