Planen ligg no ute til offentleg ettersyn, høyringsperioden er 05.11.-17.12.2019.

I planen er det eit hovudmål at: Kulturarven i Aurland kommune skal vere ein viktig ressurs i lokalsamfunnet.

Det er eit nasjonalt mål at kommunane skal ha kunnskap om og oversikt over verneverdige kulturminne. Mål, strategiar og tiltak i kommunedelplan for kulturarv følgjer opp dei nasjonaleforventingane til kommunen. Kommunedelplanen er retningsgivande for kommunen sitt arbeid med kulturarv og kulturminne.
Plandokumentet har følgjande oppbygging:

Kap. 1 – gjer greie for bakgrunn, overordna mål og gjeldande lovverk
Kap. 2 – kort historisk og tematisk gjennomgang av kulturarven i Aurland
Kap. 3 – ivaretaking av kulturminne, forvaltningsansvar, eigar sitt ansvar og økonomiske tilskotsordningar
Kap. 4 – oversikt over den utvalde kulturarven i Aurland kommune
Kap. 5 – mål, strategiar og tiltak for kulturarvsatsinga i Aurland
Kap. 6 – handlingsdel for 2020-2023

Tiltaka som er forslått omfattar arbeid som inngår i ordinær drift og tiltak som må finansierast som prosjekt. I framlegget til handlingdel er det foreslått tiltak og det er gjort ei vurdering av om tiltaket inngår i ordinær drift eller om det må finansierast som prosjekt.

Saksdokument:

Saksframlegg med vedtak

Kommunedelplan for kulturarv 2020-2031

Merkandar til planen kan sendast til post@aurland.kommune.no eller Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland, innan 17.12.2019

Ta gjerne kontakt med kultursjef Monica Hille, monica.hille@aurland.kommune.no eller 91541178 eller plansjef Ingunn B. Skjerdal ingunn.skjerdal@aurland.kommune.no eller 95984646 dersom du har spørsmål.