Barnehageopptaket 2020- 2021 - Hovudopptaket​

Barnehagane i Aurland har felles opptak som omfattar: Flåm barnehage, Vangen barnehage og  Spiren Gardsbarnehage.

Informasjon om alle barnehagetilboda finn du på kommunen si heimeside.

Informasjon om Spiren Gardsbarnehage finn du på http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/

Hovudopptaket gjeld for tildeling av plass i neste barnehageår (2020-2021) med oppstart 17. august.

Du skal ikkje søkja no, dersom du alt har plass i barnehagen og ikkje ynskjer endring.

Du må søkja no dersom du

- ønskjer ny barnehageplass, eller

- ønskjer å endra tildelt barnehageplass, eller

- har bustadadresse utafor Aurland kommune.

Alle barn med bustadadresse i Aurland kommune skal få tilbod om plass, men ein må ha bursdag før 30.november det året ein fyller eitt år, for å ha rett til plass.

Alle søknader skal sendast elektronisk. Skjemaet ligg på kommunen si heimeside. Spørsmål omkring søknad? Flåm bhg 57 63 29 25  Vangen bhg 57 63 29 20  Spiren Gbhg 57 63 36 89

Søknadsfrist: 1. april.

 

SFO-opptaket 2020 - 2021

Felles opptak omfattar: Flåm skule og Aurland barne- og ungdomsskule (ABU) Informasjon om dei ulike tilboda får du frå skulane eller på kommunen si heimeside. Du skal ikkje søkja dersom du alt har plass i SFO og ikkje ynskjer endring. Du må søkja dersom du er ny søkar til SFO eller om du ynskjer å endre tildelt SFO-plass.

Alle søknader om plass i barnehage eller SFO må sendast elektronisk.

Søknadsskjema, betalingssatsar og vedtekter finn ein på kommunens heimeside.

Spørsmål omkring søknad? Flåm skule 57 63 21 60   ABU 57 63 18 00

Søknadsfrist: 1. april.