Korleis får eg tak i heimebasertetenester:
Kontor: Helsetunet 2. etg.
Kontortid: Måndag – fredag, kl.08.00 – 15.30

Telefonar:
Ekspedisjon: 57 63 18 58
Heimehjelpsformidlar: 959 84 628
Sone 1 (Aurland /Vassbygdi/Gudvangen) 951 72 508
Soneleiar: 959 84 627
Sone 2 (Flåm/Undredal) 951 72 507
Soneleiar: 959 84 641
Kveld: 951 72 507

Tenesta gjeld arbeidsområda:
Heimesjukepleie
Praktisk bistand og opplæring (heimehjelp)
Dagtilbod for heimebuande demente
Omsorgsbustader
Tryggleiksalarm
Matombringing

 Formål med tenesta
Heimebaserte tenester har som mål at alle innbyggjarar i alle aldrar, med særlege hjelpebehov, skal kunne bu i eigen heim så lenge som råd, samstundes som dei føler sosial og helsemessig tryggleik. Dette vil vi nå ved å skape eit samarbeid mellom brukar, pårørande og tenesteytarar basert på tiltak og gjensidig respekt.

Kor mykje hjelp kan eg få?
Hjelpa blir tildelt etter ei helsefagleg vurdering og i samarbeid med brukaren i kvar enkelt sak. Det vert gjort eit skriftleg vedtak på dei tenester du får.

Kva kostar heimebaserte tenester?

Kva kan du vente av heimebaserte tenester:
- at tenesta kjem til avtala tid
- at nye personar viser ID-kort som fortel kven dei er og at dei jobbar
   innanfor pleie- og omsorgstenesta
- at det vert gjeve skriftleg melding om reduksjon i tenesta, og munnleg
  eller skriftleg melding om endring av tidspunkt
- at du innan ei veke etter søknad vert kontakta for å avtale
  vurderingsbesøk i heimen
- at du opplever å verte teken med på råd og verte respektert

Kva ventar heimebaserte tenester av deg som brukar:
- at du er heime når du skal få hjelp
- at du gjev melding dersom du ikkje kan vere heime eller er bortreist når
  du skal få hjelp
- at det ein treng for reingjering er til stades og i god stand (støvsugar,
   vaskemaskin, bøtte og god golvklut og støvklut)
- at du tillet tilpassing av hjelpemiddel i heimen din dersom dette er naudsynt
- at du respekterer at dei som arbeider i pleie- og omsorgstenesta ikkje
   kan ta i mot gåver eller pengar
- at du respekterer at dei som arbeider i pleie- og omsorgstenesta har teieplikt
- at du handsamar utlånte hjelpemiddel varsamt og leverer dei reingjort tilbake
- at du sjølv gjer dei tinga du klarer, jfr- samarbeidsavtalen
- at tilkomst til bustaden din er tilgjengeleg

Praktisk bistand og opplæring (heimehjelp):
Målet med tenesta er både å forbetre og kompensere for nedsett evne til å ivareta dagleglivet sine praktiske gjeremål i heimen, personleg stell, hygiene, tilsyn og aktivisering.

Ordninga omfattar:
- reingjering
- støvtørking
- golvvask
- sengeskift
- ærend i bank, post, eller anna offentleg kontor
- stryking i avgrensa omfang
- klesvask
- tilbereding av måltid og innkjøp av daglegvarer
- personleg hygiene og tilsyn, jfr. Samarbeidsavtale
- ved besøk av familie /pårørande vert trong for hjelp i heimen vurdert.

Heimebaserte tenester kan ikkje tilby:
- opprydding og oppvask etter gjester, førebuing til besøk
- reingjering etter handverkarar
- vaske vindauge utvendig dersom det medfører risiko for heimehjelpa
- nedvask, pussing av sølv, kopar eller messing
- reingjering ved flytting
- reingjering i huset der det er andre som bur i huset som ikkje har
- behov for heimebaserte tenester
- kakebaking og brødbakst
- hagearbeid
- bær/fruktplukking, sylting/safting

Heimesjukepleie:
Heimesjukepleien kan i følgje kommunehelsetenestelova gje individuell pleie, rettleiing og tilsyn, samt oppfølging av medisinsk behandling i samarbeid med brukar:
- opptrening/gjenopptrening/vedlikehald av ferdigheiter
- sårbehandling
- hjelpemiddeltilpassing i samarbeid med fysioterapeut/ergoterapeut
- hjelp til alvorleg sjuke og døyande
- morgon- og kveldsstell, av- og påkleding
- medikamenthandtering
- førebyggjande tilsyn

Behov for naudsynt helsehjelp i form av heimesjukepleie må vere grunna i helsesvikt. Helsesvikten må ha bakgrunn i nedsett evne til å ivareta eit eller fleire grunnleggjande helsebehov knytt til følgjande funksjonsområde: - respirasjon, sirkulasjon, ernæring/væske, eliminasjon, sansar, psykisk/mental tilstand. Helsesvikten må ha eit omfang som tildeling av heimesjukepleie kan kompensere for. Tenesta er gratis.

Dagtilbod for heimebuande demente:
Heimebuande demente kan få tilbod om dagtilbod, inntil 2 dagar pr. veke. I tilbodet er servering av middag og transport til/frå inkludert i prisen.

Matombringing:
Tilbod om utkøyring av middag til brukarar som ikkje sjølv klarer å lage eit varmt måltid.

Omsorgsbustader/aldersbustader:
Ein omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim, som ein leiger. Ved innflytting i bustad må ein leigekontrakt underteiknast. Omsorgsbustad/ aldersbustad er ein bustad som er lagt til rette for personar med orienterings- og rørsle hemming. Bustaden er tilrettelagt slik at bebuaren skal kunne ta i mot omsorg og pleie. Dei som bur i omsorgsbustader/ aldersbustader må på same måte som andre heimebuande betale for tenestene frå heimebasert omsorg.

Tryggleiksalarm:
Dette er ein alarm som brukaren har på seg for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Alarmane går direkte til Alarmsentralen i Florø når dei vert utløyste. Utrykning skjer frå heimebaserte tenester på dag /kveld/natt. Ved utrykking på kveld og natt kan heimebaserte tenester få assistanse av den som har brannvakt i kommunen dersom behov.

Søknad:
Søknad om tenester skal sendast pleie og omsorgstenestene i Aurland kommune.

IPLOS
Kva er IPLOS? Nokon av opplysningane som kommunen ber deg om, blir registrert etter ein eigen standard og sendt til eit sentralt register som blir kalla IPLOS. Her blir opplysningar om søkjarar og mottakarar av pleie- og omsorgstenester oppbevart. Registeret skal brukast til statistikk og forskning. Du har rett til å få vite kva opplysningar som er registrert om deg. Hvis det er feil i opplysningane, har du rett til å kreve at dei blir retta opp. Din kontaktperson i heimebasert omsorg kan gi deg meir informasjon om IPLOS.

Teieplikt:
Alle som arbeider innanfor heimebaserte tenester har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.

Klage:
Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side. Klagen skal sendast tenesteleiaren for pleie, rehabilitering og omsorg.

Søkjar kan påklage avgjerda i enkeltvedtaka etter § 7-2 i lov om pasient- og brukerrettigheter, jf. enkeltvedtaka.

Ein klage som kjem etter fristen, kan likevel takast under handsaming når det vert funne rimeleg at den vert prøvd. Elles gjeld forvaltningslova sine reglar for klage.