Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Frukt og bier

Måndag  15. mai var det ei fin samling med tema frukt og bier i Lærdal.

frukt og bier

Gnist - innovasjonsprosjekt

Små lokalsamfunn blir utfordra i møte med reiselivet. Turisme er viktig for lokal verdiskaping, men den førar det også til slitasje på miljøet, og på innbyggjarane sin tolmod. I Undredal er det eit stort besøkstrykk og press på vegane i høgsesongen, og bygda er ikkje lagt til rette for den trafikkmengda som er. I tillegg til at det er mange turistar som køyrer inn i bygda er vegane òg viktig i bruk i samband med landbruksnæringa og tilkomst for andre fastbuande. 

Foto: May Britt Eraker

Neste søknadsfrist for konsesjonsavgiftsfondet vert 12.04.2022.

I samband med vedtak av budsjettet for 2022 vart det bestemt at Aurland kommune  set av 1.5 millionar til næringsutvikling i 2022, og det vert ei utlysing av midlane med søknadsfrist 12.04.2022. Søknadane skal opp i fondstyret i samband med møtet 02.06.2022.

§ 2 Føremål i vedtektene seier at Fondet skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Aurland kommune. 

Kommunevåpen Aurland kommune