Verkstaden starta med ein presentasjon frå Riksantikvaren om verktøy for ivaretaking av landskap i plan- og bygningsloven, presentasjon frå professor Morten Clemetsen om landskap og presentasjon frå Vestland fylkeskommune om verdsarv, kultur og stadutvikling. Deretter arbeida deltakarane ilag i grupper. Deltakarane bestod av representantar frå fylkeskommunen, administrasjonen og politikarar i kommunen, næringsliv, studentar frå Høgskulen i Vestland, Eldrerådet og innbyggarar. 

I gruppeoppgåvene diskuterte deltakarane kva natur- og kulturverdiar me vil ta vare på i kommunen, korleis me kan legge til rette for ei utbygging tilpassa landskapet og det eksisterande bygningsmiljøet vårt, kva krav kommunen kan stille til utbyggar og kva kommunen bør gjere sjølv.

Tilgang til fjorden

Tilgang til fjorden var eit tema som blei tatt opp fleire gonger av deltakarane. Dei meinte det var viktig å ta vare på overgangane mellom fjord og land og opne opp igjen der det er mogleg. I tillegg kan fjorden i større grad nyttast som ei ferdselsåre og det bør leggast til rette for fleire småbåtanlegg. Deltakarane var opne for at det kan byggast meir i nærleiken av strandsona, men då må utbyggar gje noko igjen til fellesskapet, til dømes ved at ålmenta får betre tilgang til fjorden.

Særpreget til Aurland

Deltakarane snakka også om at det er viktig å sjå på det overordna først. Det må definerast kva som er særpreget til dei fire dalføra og dei to fjordområda våre, og så legge mål for den vidare utviklinga basert på dette. Deltakarane meinte også at dei gamle husa i sentrumsområda må takast vare på, desse husa har ein viktig historie å fortelje og er viktig for uttrykket ein har i sentrumsområda. Samtidig må det leggast til rette for at folk framleis kan bu i grendene og på gardane. Ved fortetting bør det vere mjuke overgangar mellom gamalt og nytt, det kan byggast fleire små hus og det bør leggast opp til fellesområde der ein til dømes kan dyrke grønsaker ilag. 

Transformasjon og ny utbygging 

Forslag til mogleg utbygging på Onstadøyri med bustad og næring.

Ved ny utbygging meinte deltakarane at bygga burde tilpassast landskapet, det kan til dømes byggast terrassehus i bratt terreng. Dei meinte også at ein må tenke på innbyggjarane sin trivsel ved ny utbygging, til dømes ved å ha aktive fasadar i første etasje og lage møteplassar og skape liv heile året i sentrum av grendene. I tillegg snakka dei om at dei eldre vil bu sentralt og at me må tenke ombruk og transformasjon av dei områda me allereie har. Me kan bygge på eksisterande bygningar, tilføre fleire etasjar og bruke dei på ein ny måte. Dei meinte også at me bør flytte parkeringsplassane utav sentrum og ha gatetun slik at ein får frigitt areal.

Tydelege føringar

Deltakarane meinte at kommunen må lage tydelege krav i kommuneplanen og reguleringsplanar, slik at det blir enkelt for utbyggjarar å vite kva dei må forhalda seg til. Kommunen må lage planar som står seg for framtida og skape ei felles forståing av kva som er kvalitet og kva ein ønskjer å ta med seg vidare. Kommunen må lage eit regelverk som legg til rette for individualitet, men samtidig er tydeleg på kva som er dei felles preferansane. Dermed kan ein tole ulike bygg i eit område som likevel har ein felles landskapsreferanse, Undredal blei trekt fram som eit godt døme på dette. Dei meinte også at kommunen må arbeide for å vise moglegheitene ved ny utbygging, til dømes trekke fram fargepaletten på hus som vart brukt tidlegare eller vise kva moglegheiter som ligg innanfor eit kulturvernområde. I tillegg må ein ta omsyn til omfanget på prosjektet når ein set krav. 

Føringar i kommuneplanen

Utifrå det som kom fram på verkstaden, vert det tilrådd å legge inn følgjande i planforslaget:

  • Ivaretaking av tilgang til fjorden og opne opp for tilgang der dette er mogleg
  • Ivaretaking av dei mest verdifulle landskapa i kommunen 
  • Føringar for fortetting: overgangar, møteplassar, grøntområde
  • Legge til rette for transformasjon og ny bruk av utbygde område
  • Lage formingsrettleiarar i større planar
  • Sette krav om estetiske vurderingar og stadanalyser i mindre planar

Politikarane skal vedta desse føringane før dei blir lagt ut på høyring. Men dersom du ønskjer å sei di meining om dette, kan du gjere det allereie no: 

Send ditt innspel til kommunen på post@aurland.kommune.no